Vil du leie eit av dei største vegprosjekta i Noreg?

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen eller Fjell
Søknadsfrist05.06.2017

Prosjektet Sotrasambandet skal sikre gode og effektive kommunikasjonstilhøve for fastlandssambandet Sotra-Bergen og omfattar m.a ny fire-felts veg, tunnel og bruer. Med ei investeringsramme på om lag 9,5 milliardar kroner vil prosjektet vere eit av dei største vegprosjekta som nokon gong er gjennomført i Noreg.

Reguleringsplanar er no vedtekne og vi søkjer etter ein erfaren og engasjert prosjektleiar til å leie gjennomføringa av dette prosjektet.

Arbeidsoppgåver

Som prosjektleiar vil du få ansvar for å leie og styre prosjektet med tilrettelegging og oppfølgjing av ein OPS-kontrakt, samt prosjektering og ombygging av eksisterande vegar og annan infrastruktur. Du må byggje opp ein organisasjon rundt deg, både med elektroteknisk kompetanse, så vel som veg- og bruteknisk.

Vidare må du vurdere behovet for å ha ein stab rundt deg, som støtte i gjennomføring av oppgåva.

Stillinga er utfordrande og stiller høge krav til deg både når det gjeld leiarkompetanse og til di evne til samarbeid med administrative og politiske organ. I tillegg vert det rekna med at prosjektet vil ha stor interesse både innanlands og utanlands.

Du vil organisatorisk rapportera til prosjektsjef i prosjektavdelinga i Statens vegvesen Region vest. Stillinga inngår i den regionale byggherrepoolen. Kontorstad vil vere i Bergen eller Fjell.

Kvalifikasjonar

Du må ha utdanning frå universitets- eller høgskulenivå, minimum 5 år, og god kompetanse innan prosjektleiing og relevante tekniske fag. Om du har sterk og allsidig relevant praksis, kan vi fråvike kravet om høgare utdanning.

Vi søkjer ein prosjektleiar som er initiativrik og resultatorientert og med solid erfaring frå leiing av plan- og byggjeprosessar. Evne til koordinering og styring på framdrift vil vere viktig. Du bør trivast med å jobbe utadretta, konstruktivt, ha evne til samarbeid og god kommunikasjon.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, må den vert godkjend av NOKUT ( www.nokut.no).

Dette ønskjer vi oss

I Statens vegvesen ønskjer vi å vere profesjonelle, framtidsretta og inkluderande. Som leiar av prosjektet er det viktig at du jobbar målretta for at Statens vegvesen skal vere imøtekommande, ha omtanke for omgivnadene og vere tilgjengeleg.

Alle våre leiarar i Statens vegvesen må ta ansvar for å utvikle medarbeidarane sine og seg sjølve, og vere bevisste på at dei er rollemodellar og kulturskaparar.

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar. Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • eigne leiarutviklingsprogram
  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Les meir om prosjektet her: http://www.vegvesen.no/vegprosjekter/sotrabergen

Kontaktpersonar:
Sverre Ottesen
mob: +47 97619460

Kjartan Hove
tlf: +47 57655708
mob: +47 90110586

Søk her