Prosjektleiar

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfristsnarest

Vil du leie det store vegløftet på Askøy? Vi søkjer prosjektleiar til Askøypakken som har ei totalramme på 1 540 millionar over 8 år.

Askøypakken inneheld mange små og større fylkesvegprosjekt, som vi no held på å starte opp. Det skal byggast gang og sykkelveg, utbetrast eksisterande veg samt ny veg i nytt terreng. Vi skal også bygge nytt kommunalt VA-anlegg, samt bruer og tunneler, i tillegg til støy- og kollektivtiltak - mange spennande og fagleg utfordrande oppgåver. Utbyggingsprosjekta er prosjektert modellbasert, og det vil verte mykje nytt å ta tak i.

Prosjektet har etablert prosjektkontor i Rundetårnet på Kleppestø kai, Askøy, der du vil få kontorplass saman med resten av prosjektteamet. Stillinga høyrer til i byggherrepoolen i Region vest, f.t. knytt til vegavdeling Hordaland.

Stillinga som prosjektleiar er utfordrande og stiller høge krav til deg både når det gjeld leiarkompetanse og til di evne til samarbeid med administrative og politiske organ. Du har personal- og budsjettansvar for prosjektet.

Kvalifikasjonar:

Vi forventar at du har utdanning frå universitets- eller høgskulenivå, minimum 3 år, innan tekniske fag, alternativt leiing, juss eller økonomi. Du har god erfaring innan prosjektleiing og gjerne kompetanse innan relevante planfag.

Omfattande og relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert oversetjing av dine papir og godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Stillinga krev at du er sikkerheitsklarert eller at du kan bli det.

Dette ønskjer vi oss

Vi ser etter trygge leiarar som har evna til å leie dyktige fagfolk på ein tydeleg måte. I Statens vegvesen ønskjer vi å vere profesjonelle, framtidsretta og inkluderande. Som prosjektleiar er det viktig at du

  • kommuniserer og samhandlar godt, ser løysingar og kan vise handlekraft gjennom fagleg styrke
  • jobbar målretta for at Statens vegvesen skal vere imøtekommande, ha omtanke for omgivnadene og vere tilgjengeleg

Alle leiarane i Statens vegvesen må ta ansvar for å utvikle medarbeidarane sine og seg sjølve, og vere bevisste på at dei er rollemodellar og kulturskaparar.

Eigenskapar som vi vil leggje vekt på:

  • ha god gjennomføringsevne og fokus på framdrift og leveransar
  • engasjerer medarbeidarar og har evne til å tenke langsiktig og helhetlig
  • er strukturert og har evne til å koordinere, delegere og rettleie

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • eigne leiarutviklingsprogram
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og gode høve for fagleg utvikling

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

Kontaktpersonar:
Olav Finne
tlf: +47 55516588
mob: +47 91139535

Søk her

Vis flere stillinger: