Vil du vere med å forme framtidas veg- og transportløysingar i Bergensområdet?

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist23.05.2017

Plan- og forvaltningsseksjonen i Bergen har ledig stilling som arealplankontakt / rådgjevande ingeniør innan fagområdet veg.

Seksjonen har hovudansvar for m.a. planlegging av nye vegprosjekt, gang- og sykkeltiltak, trafikksikringstiltak, kollektivtiltak, universell utforming, effektivisering av vegnettet, samt ulike miljø og forvaltningsoppgåver.

Arbeidsoppgåver:

Stillinga si hovudoppgåve er å delta i vegvesenet si oppfølging av arealplanlegginga i kommunane og handsaming av søknader etter veglova. Arealplankontaktane gjev innspel og formelle uttalar til offentlege og private planar som får konsekvensar for veg og transport, og fattar vedtak i avkøyrsle- og byggegrensesaker etter veglova. Rådgjevande ingeniørar gjev vegfaglege råd i arealplan- og veglovsaker. Arbeid med andre forvaltningsoppgåver kan også vere aktuelt.

Mykje vegplanlegging skjer i dag gjennom kommunale og private planprosessar. Stillinga inneber mykje ekstern kontakt, både mot offentlege etatar, konsulentar og private utbyggjarar. Stillinga inneber koordinering av vegvesenet sitt eige planarbeid med kommunale og private planarbeid, og tverrfagleg samarbeid med ulike avdelingar og seksjonar i vegvesenet.

Kvalifikasjonar:

Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år, innan relevant fagkrins (t.d. ingeniør, arealplanleggar, samfunnsgeograf, jurist). For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå veg- og/eller arealplanlegging og gode personlege eigenskapar for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Dette vil vi også leggje vekt på:

  • evne til samarbeid internt og eksternt, samt gode kommunikasjonevner både skriftleg og muntleg
  • erfaring frå offentleg forvaltning kjennskap til relevant lovverk som veglova og plan- og bygningslova
  • evne til å handtere innspel og engasjement frå dei partane sakene gjeld erfaring med veg- og transportplanlegging i by- og tettstadsområde

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert oversetjing av dine papir og godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og gode høve til fagleg påfyll lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

Kontaktpersonar:
Sindre Lillebø
tlf: +47 55516407
mob: +47 91335871

Søk her

Vis flere stillinger: