2 kontrollingeniørar, Sogn

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeSogn og Fjordane
StedLeikanger
Søknadsfrist28.05.2017

I Statens vegvesen Region vest er det ledig 2 stillingar som kontrollingeniør i vegseksjon Sogn/vegavdeling Sogn og Fjordane, med kontorstad på Leikanger.

Stillingane inngår i den regionale byggherrepoolen. Vi gjennomfører både små og store tiltak med ulike utfordringar. Den eine stillinga vil vere knytt til byggjeleiing for driftskontraktar, medan den andre er knytt til byggjeleiing for investeringskontraktar. Det må kome klart fram i søknaden kva stilling du søker.

Som kontrollingeniør vil arbeidsoppgåvene kunne variere innan m.a følgjande område, og du får oppgåver basert på dine kvalifikasjonar og erfaring:

  • Ta del i anbodsprosess
  • Delta aktivt i helse, miljø og tryggleiksarbeid (HMS)
  • Rapportere og følgje opp kvalitet, framdrift og økonomi
  • Følgje opp entreprenøren sitt kontraktarbeid
  • Avslutte og dokumentere gjennomførte tiltak
  • Kontakt med kommunar og grunneigarar

Kvalifikasjonskrav:

Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år, med kompetanse innan bygg- og anleggstekniske fag eller tilsvarande.

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, samt gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast. Søkjar må ha førarkort for bil (kl. B).

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Vi vil også leggje vekt på:

  • Erfaring frå liknande arbeid og kjennskap til kjøp og kontrahering, men vi oppmodar også nyutdanna til å søke
  • Kunnskap om regelverk og forskrifter innan relevante fagfelt
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • At du er sjølvstendig, målretta og jobbar strukturert
  • Gode samarbeidsevner og at du er aktivt med på å skape eit triveleg arbeidsmiljø
  • Fleksibilitet til arbeidsoppgåver

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og gode høve til fagleg påfyll

Stillingane vil bli løna etter nærare avtale i høve etaten sin lønspolitikk.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentlege sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje vil vi varsla søkjar om dette.

Kontaktpersonar:
Eivind Yttri
tlf: +47 57655799
mob: +47 90830854

Søk her