Les Ruth Lillegraven sitt dikt om byggenæringa. Foto: Paal Audestad

Bragepris-vinnar skriv dikt om byggenæringa - les diktet her

Korleis ser bygg og anlegg ut gjennom ein diktar sine auge? Svaret finn du litt lenger nede.

Ruth Lillegraven

Forfattar Ruth Lillegraven har tidlegare arbeidd i kommunikasjons-avdelinga i Samferdselsdepartementet.

Lillegraven vann Brageprisen for diktsamlinga Urd i 2013. Ho har i tillegg gitt ut romanen Mellom oss, turnert med poesikonsertar og skrive fleire andre diktsamlingar og barnebøker.

I den siste utgåva av Byggeindustrien på papir presenterer vi forfattar Ruth Lillegraven sitt dikt Bygg- og anleggsblues.

Diktet har ho skrive for Byggeindustrien-spalta Utsiden der vi invitererer røyster utanfrå byggenæringa til å meine noko om byggenæringa - sett frå utsida.

Lillegraven, som vann Brageprisen for diktsamlinga Urd i 2013, har sjølv hatt ein fot innanfor i næringa som kommunikasjonsmedarbeidar i Samferdselsdepartementet i åtte år.

- Då eg jobba i Samferdselsdepartemente fascinerte det meg kor stort spenn det er er i alt som må gjerast: frå planlegging og prosjektering til det reint fysiske arbeidet, seier Ruth Lillegraven til Byggeindustrien. 

- Har bakgrunnen din frå Samferdselsdepartementet på noko måte farga deg som forfattar?

- Åtte år i departementet lærte meg litt meir om korleis samfunnet heng saman, korleis landet har blitt og blir bygd. Dessutan gav det meg sjølvsagt eit innblikk i departementale og politiske prosessar. Eg trur ikkje eg har brukt det så mykje direkte til no i allefall, men eg brukar det kanskje litt i eit slags romanprosjekt eg skriv på no.

- Er du sjølv det du kan betrakta som handy?

- Nei, diverre. Men eg vil gjerne vere det. Og eg bør vere det. Planen på sikt er å nemleg flytte heim til garden eg kjem frå, der det blant anna er 15-20 bygningar å ta seg av. Då bør nok handyfaktoren kraftig opp.

- Og no blir det fleire dikt om byggenæringa?

- He he, kanskje? Eg skriv i grunnen ofte dikt om mykje ulikt, mellom anna til radioprogrammet Salongen på P2. Og i fjor skreiv eg dikt til ein folkehelsekonferanse i Hordaland. Så eg er forsåvidt open for det meste, seier Lillegraven.


Bygg- og anleggsblues

-

først er det berre himmelen

grøftegraset, risleraslelauvet

og sundagsskyene

-

snart hit, snart dit, fram og tilbake

-

og under jorda: spiren

små grøne fingrar som strekkjer

og strekkjer seg, gjennom molda

-

spira blir til strå, til buskar og tre

det blir fleire folk, fleire hus, vegar

gater, portrom og torg

-

hus å bu i, vegar å køyre på

skinner å toge på, skular, barnehagar

og eldresenter å gå til, alle desse bygga

med lys til å tenne om morgonen og

sløkkje om kvelden, med vatn frå

kranene og varme frå veggane

og opp frå golva

-

bygg og anlegg, seier folk

tenkjer kostnadssmell og kalkylar

tenkjer budsjett og utgreiingar, bråk

og ståk, bank bank og bang bang, og ja

slik er det kanskje, men det er også lys og

varme, skular og bibliotek, stader å møtast

stader å lære, stader å leve, transportårer

å segle av garde på, ut i verda, inn i verda

-

og det er alle desse som me ikkje ser

desse ofte usynlege, ofte utskjelte, som

reknar og planlegg og tenkjer og teiknar

prøver trylle tronge tal og teikn til murstein

og brustein, til gater og bruer og sykkelstiar

som rullar seg ut, meter for meter, til hus

som reiser seg, etasje for etasje

-

alle desse hendene, hovuda, menneska

som reknar og tenkjer, analyserer og planlegg så

me andre kan gjere alt det andre, puste og sove

arbeide og kvile, elske og sørgje, gråte og le

-

no skiftar trea og blir grøne att

så skal det igjen vere hår og hud

og hender, sol og salt og sjø, fryd

og gaman, så kjem dei gamle med

rullatorane og stavane sine ned

trappene frå leilegheitene, ned

gatene, over plassane og inn

i parkane, der ungane

hoppar opp og ned og

hit og dit, der ballar

sprett og syklar

sjanglar

-

ja, alt dette skal skje

alt dette nærmar seg

-

alle fargane, alt det grøne

alt det raude og blå og gule

alt som skiftar, igjen og igjen

-

og all denne tida: alle timane og

dagane og vekene, månad etter

månad og år etter år

-

klikketiklikk

klikketiklikk

klikketiklikk

-

dei sorgtunge dagane

dei håpefulle dagane, dei

skrekkfrydblanda dagane

-

under jorda: den nye spira

små grøne fingrar som strekkjer

og strekkjer seg

-

og over jorda: det nye bygget

den nye vegen, dei nye skinnene

som strekkjer og strekkjer seg

framover, bortover, oppover

mot lyset, mot lyset