Her skal det drivast tunnel vidare fram under Folldalstunnelen i komande vekene. Foto: Statens vegvesen

Sprenger under Bybanen

Frå mandag 8.mai går entreprenøren i gang med å sprenge den nye Søråstunnelen på tvers under Bybanen i Folldalstunnelen.

Vegtunnelen inngår i motorvegprosjektet E39 Svegatjørn–Rådal, som har arm mellom Nordås/Sørås og rv. 580 Flyplassvegen ved Skeievatn, skriv Vegvesenet i ei melding.

Tunnelkryssinga er i samsvar med reguleringsplanen og det har vore dialog om kryssinga mellom Statens vegvesen og dei involverte for drift av Bybanen. Avtalen gir rom for sprenging av Søråstunnelen under bybanetunnelen på kveldstid, mellom kl. 20.00 og 21.00 frå mandag til fredag. Overdekninga her er 2,9 meter over ei lengde på kring 30 meter, med skrå kryssing under Bybanen.

Det var god fjellkvalitet då Folldalstunnelen blei bygt gjennom fjellet her. Det vil bli små sprengsalver i kryssingsområdet. Det kan dermed gå inntil halvannan månad å drive vegtunnelen forbi bybanetunnelen.

Før Bybanen kom i drift blei det støypt ei ekstra betongsåle på kring 50 cm i botnen av Folldalstunnelen.

I sprengingsperiodane vil det ikkje gå bane gjennom Folldalstunnelen.