Vil du arbeide med eit av dei største vegprosjekta i Noreg?

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist14.05.2017

Prosjektet Sotrasambandet skal sikre gode og effektive kommunikasjonstilhøve for fastlandssambandet Sotra-Bergen og omfattar m.a ny fire-felts veg, tunnel og bruer. Med ei investeringsramme på om lag 9,5 milliardar kroner vil prosjektet vere eit av dei største vegprosjekta som nokon gong er gjennomført i Noreg.

Reguleringsplanar er no vedtekne og prosjektteamet ønskjer å styrkje seg med ein dyktig og engasjert kollega som ynskjer å bidra inn i dette utfordrande og viktige arbeidet.

Arbeidsoppgåver

Med utgangspunkt i vedtekne reguleringsplanar, skal du leie arbeidet med utarbeiding av tekniske grunnlagsdokument for dette OPS-prosjektet innan fleire ulike fag som t.d veg, tunnel, bruer, elektro og ytre miljø, som spesifiserer våre krav til OPS-selskapet.

Dette inneber m.a å avklare kva som må utarbeidast, kven som skal gjere dette, engasjere rådgjevarar etter behov og sørge for at desse dokumenta kjem på plass. I konkurranse- og forhandlingsfasen vil du ha ansvar for å følgje opp at krava våre vert ivaretekne i dei ulike tilboda.

Etter at kontrakt er underteikna vil du få ei sentral rolle i prosjektet også i byggefasen, som truleg vil gå frå 2020 – 2024. Stillinga inngår i den regionale byggherrepoolen . Kontorplass blir på prosjektet sin anleggsrigg ved Sandeide i Bergen.

Kvalifikasjonar og bakgrunn

For å kunne løyse desse oppgåvene vil det vere viktig med brei erfaring frå arbeid med eit eller fleire av fagområda som t.d prosjektering / bygging av større veganlegg, tunnelar og / eller bruer, min. 5-10 år. Gjerne som planleggingsleiar/prosjektleiar.

Du trivast med å skape resultat saman med andre, har evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og systematisk, og har stå-på-vilje for å få oppgåvene gjennomførd. . Du må og ha gode kommunikasjonsevner både munnleg og, ikkje minst, skriftleg. Gode engelsk-kunnskapar vil og bli tillagt vekt. Du må ha førarkort kl. B.

Du har relevant utdanning frå universitet eller høgskule, primært på sivilingeniør- eller masternivå. Om du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning, kan vi fråvike kravet om høgare utdanning.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga.

Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Les meir om prosjektet på: vegvesen.no/vegprosjekter/sotrabergen

Kontaktpersonar:
Sverre Ottesen
mob: +47 97619460

Bente Johnsen Aase
mob: +47 950 99 596

Søk her

Vis flere stillinger: