Kvalitetskontroll og rådgjeving byggherresaker på regionsnivå

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeSogn og Fjordane, Rogaland, Hordaland, Flere fylker
StedBergen, Stavanger eller Leikanger
Søknadsfrist14.05.2017

Byggherreseksjonen har ei ledig stilling innan kvalitetskontroll og rådgjeving byggherresaker på regionsnivå Viktige oppgåver vil vere kvalitetskontroll av konkurransegrunnlag og aktiv rådgjeving inn mot dei operative byggherremiljøa (t.d. kontraktforståing og val av kontraktstrategiar). Fagleg utviklingsarbeid gjennom regionalt fagnettverk, og kurs- og opplæringstiltak er blant dei andre sentrale arbeidsoppgåvene.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • Kvalitetssikring av konkurransegrunnlag før utlysing
  • Fagleg rådgjeving til regional anskaffingsnemnd i samband med evaluering av innkomne tilbod
  • Fagleg støtte til regionen sitt operative byggherremiljø når det gjeld val av kontraktstrategi, utarbeiding av konkurransegrunnlag og evaluering av tilbod
  • Ta initiativ til kursing av byggherrepersonell på prioriterte område, i samarbeid med regional byggherrepool og HR- og administrasjonsavdelinga
  • Saksførebuing og samordningsoppgåver - utbyggingsnettverket (det byggherrefaglege nettverket for investeringsmiljøet i regionen)
  • Vere med og vidareutvikle standardmalane for konkurransegrunnlag for utbyggingsprosjekt
  • Samordne høyringsuttalar
  • Vere bindeledd mellom Vegdirektoratet og det operative byggherremiljøet i regionen

Kvalifikasjonskrav

Det vert kravd minimum 3-årig utdanning frå universitet eller høgskule, fortrinnsvis ingeniørutdanning (t.d. bygg- og anleggsfag) eller juridisk utdanning med erfaring frå entrepriserett. Erfaring frå utbyggingsprosjekt og kontraktsarbeid/innkjøpsarbeid i offentleg forvalting er ein føresetnad.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no). Arbeidssted for stillinga er primært Leikanger, Bergen eller Stavanger.

Du må

  • ha gode samarbeidsevner
  • vere fleksibel, initiativrik og løysingsorientert i organisering av eige arbeid
  • like systematikk og ha auge for detaljar
  • ta ansvar og kunne arbeide sjølvstendig
  • ha gode kommunikasjonsevner skriftleg og munnleg
  • ha interesse for og evne til å leie faglege utviklingsprosjekt (t.d. kurs og arbeidsgrupper)

Med dei krav til mobilitet som ligg til arbeidsområdet, ser vi det elles som ein føremon at du har førarkort klasse B.

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklingen, og du får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidsdagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og muligheit for lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og gode muligheiter for fagleg påfyll

Lønn avtalast nærare i samsvar med vår lønnspolitikk.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det. Vi gjer merksam på at opplysningar om deg kan bli offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal du varslast om dette.

Kontaktpersonar:
Øyvind Haaland
mob: +47 97699580

Søk her