Illustrasjon: Statens vegvesen.

AF Bjelland AS/SV Betong lågast på fylkesveg 505 Skjæveland – Foss Eikeland

Åtte entreprenørar har levert inn tilbod på bygginga av fylkesveg 505 Skjæveland–Foss Eikeland i Sandnes kommune

– Vi er imponert over interessa for prosjektet. Vi merkar oss også at prisane er veldig jamne, bortsett frå tilbodet frå den spanske entreprenøren, seier prosjektleiar Bjarne Våge i Statens vegvesen, i ein pressemelding.

Følgjande entreprenørar har levert tilbod:

 - AF Bjelland AS/SV Betong (342.640.916 millionar kroner)

- Implenia Norge AS (358.766.646 millionar kroner)

- Veidekke Entreprenør AS/Rygg Maskin AS (357.629.373 millionar kroner)

- Bertelsen & Garpestad AS (384.161.482 millionar kroner)

- OHL Obrascons Huarte Lain S.A (565.241.459 millionar kroner)

- Skanska Norge AS (356.642.260 millionar kroner)

- Risa AS (352.884.578 millionar kroner)

- Stangeland Maskin AS/Kruse Smith Entreprenør AS (363.160.580 millionar kroner).

Kontrollrekne

- Dei neste vekene bruker vi til å vurdere og kontrollrekne tilboda. Planen er å signere kontrakten før 1. juni, opplyser prosjektleiaren.

Fylkesveg 505 Skjæveland-Foss Eikeland er første etappe av tverrforbindelsen mellom riksveg 44 Skjæveland og E39 Bråstein. Målet er å få til ei betre tilknyting mellom bustad- og næringsområder, og vegen blir ein del av den framtidige ringvegen rundt Sandnes, melder Vegvesenet.

Ny fylkesveg 505 må byggast før det er aktuelt med ny næringsverksemd i Kvål-området. Vegen blir viktig for næringstrafikken og kjem til å avlaste vegnettet gjennom Ganddal og Hove.

Brua over godsterminalen på Ganddal, Brunnholen bru, er eit hovudelement i prosjektet. Den blir 25,2 meter brei og 248 meter lang. Det mest spesielle er byggemetoden. Brua blir støypt i seksjonar inne på det eine landkaret og skyvd over godsterminalen med millimeterpresisjon. Dette blir fjerde gongen metoden er brukt i Noreg.

Sparer byggetid

- Den store gevinsten med denne metoden er at vi kan spare byggetid ved å bygge begge hovudkonstruksjonane på same tid, fortel prosjektleiar Bjarne Våge.

Sandnes kommune og naboar ynskjer sterkt at vegen frå rundkøyringa på fylkesveg 44 og fram til første rundkøyring, inkludert Brunnholen bru, blir ferdig så fort som mogleg.

Det er i dette området Posten og Rema 1000 er i gang med å bygge store lagerbygg. Fristen på denne delen er 1. desember 2018, for at vegen kan stå ferdig så fort som mogleg for å avhjelpe trafikkauken i området.

I tillegg til brua blir det bygd nærmare 2,4 kilometer med vegar, gang- og sykkelvegar og ei rekke tilkomstvegar. Alt skal vere ferdig seinast 1. juni 2019.