Avdelingsleiar steinmateriale

K.A. Aurstad AS er eit maskinentreprenørfirma som byggjer infrastruktur, t.d. vegar og tunnelar, kraftanlegg, flyplassar og kommunaltekniske anlegg. Selskapet vart etablert i 1985 og har om lag 170 tilsette. Marknadsområdet vårt er i dag Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Oppland og Hordaland.

Selskapet har eiga avdeling for Pukk og Grus. Avdelinga har to masseuttak i Ørsta og Volda, og vil bistå prosjekt med masseproduksjon. Stillinga vil bidra innan kvalitet, dokumentasjon og produksjon i heile bedrifta. Du blir ein viktig støttespelar for anleggsleiarar og prosjektleiarar. Du vil ha det overordna ansvaret for produksjon og sal av steinmateriale. Du vil bidra til utvikling innan di avdeling.

FirmaK. A. Aurstad
FylkeMøre og Romsdal
StedHovdebygda
Søknadsfrist15.05.2017

Då vår noverande avdelingsleiar går av med pensjon søkjer vi etterfølgjaren hans.

Avdelingsleiar steinmateriale

Vi søkjer deg som har:

  • Fokus på kvalitet, HMS og økonomi
  • Framoverlent, engasjert og lærevillig
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Påliteleg, ansvarsbevisst og nøyaktig
  • Vilje og ønske om utvikling av avdelinga
  • Motivator og lagbyggar for medarbeidarane dine
  • Førarkort kl. B/BE
  • Fagkunnskap om og erfaring frå drift av knuseverk
  • Nødvendige datakunnskapar
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Vi tilbyr:

  • Godt arbeidsmiljø
  • Innovativ arbeidsplass, får vere med å skape
  • Konkurransedyktige løns- og pensjonsordningar
  • AFP-bedrift

Interessert? Hugs å registrere søknad og CV.

http://www.aurstad.no/cv/

Søknadsfrist : 15. mai 2017

Dersom du har spørsmål, ta kontakt med Jan Reite, tlf. 958 34 300.

Vis flere stillinger: