Vikariat som HMS-medarbeidar

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeSogn og Fjordane
StedLeikanger
Søknadsfrist04.05.2017

I vegavdeling Sogn og Fjordane er det ledig eit vikariat som HMS-medarbeidar med kontorstad i Leikanger. Vikariatet vil vara fram til hausten 2018.

I hovudsak vil arbeidsoppgåvene verte:

  • Følgje opp at alle kontraktar blir registrerte i rette system før oppstart, og delta på oppstartsmøte for kontraktane.
  • Besøke kontraktane og prosjekta, og gje rettleiing og støtte på registrering og handsaming av uønskte hendingar og månadsrapportering til byggherre og entreprenørar.
  • Ta ut rapportar og analysar, og gje tilbakemeldingar til byggherre og entreprenør.
  • Rapportere status og trendar, på alle nivå i vegavdelinga inkludert analyser av hendingar.
  • Opplæring og kurs
  • Bidra til kontroll av dokumentasjon på byggherre og entreprenør si oppfølging av HMS på prosjekt og kontraktar og støtte prosjektleiarane/HMS-koordinatorane i meir komplekse HMS-saker (for eksempel arbeidstidsordningar, skiftavtalar, oppfølging av utanlandsk arbeidskraft og liknande)
  • HMS på ny Loftesnesbru

Kvalifikasjonskrav:

  • 3 års utdanning frå universitet/høgskule innan fagområdet. For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå fagområdet og gode personlege føresetnader, kan kravet til utdanning fråvikast.
  • Kjennskap til korleis entreprisedrifta vår skal fungere med tanke på HMS
  • God IKT kunnskap er nødvendig, då Statens vegvesen nyttar ulike datasystem i oppfølginga av HMS og i beredskapsarbeidet
  • Førarkort for bil (kl.B)

Det er også ønskjeleg med:

  • Erfaring med opplæring og rådgjeving
  • Erfaring frå utvikling og implementering av planverk
  • Erfaring frå prosessleiing og teamarbeid
  • Kjennskap til datasystema Synergi, Elrapp og Vegcim.

Vi ønskjer ein person som har gode samarbeidsevner og stor arbeidskapasitet og kan skape gode relasjonar. Du må rekne med ein del reiseverksemd.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Vi legg vekt på at du er:

  • Positiv, nysgjerrig, med genuin interesse for fagområdet
  • Strukturert og systematisk
  • Løysingsorientert og samarbeidsvillig
  • God på rettleiing
  • Aktivt med på å skapa eit godt arbeidsmiljø internt og med dei vi samarbeider med

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersonar:
Svenn Finden
mob: +47 95148614

Søk her