Firma | Statens vegvesen Region vest |
Fylke | Hordaland |
Sted | Bergen |
Søknadsfrist | 30.04.2017 |
Ønskjer du å jobbe med prosjektering av vegar i Statens vegvesen? Vi kan by på mange spennande utfordringar innan dette fagfeltet på prosjekteringsseksjonen i Bergen.
Prosjekteringsseksjonen er ein del av Ressursavdelinga i Statens vegvesen Region vest, og har som hovudoppgåver å utarbeide byggeplanar og konkurransegrunnlag for vegar, gater og tunnelar ved eigenprosjektering eller bruk av konsulentar.
På prosjekteringsseksjonen i Bergen er vi 35 medarbeidarar innan fagområda veg, landskap, miljø og elektro, der 21 er vegplanleggarar. Vi prosjekterer modellbasert etter håndbok V770, og brukar i hovudsak prosjekteringsverktøy frå Autodesk, Trimble og Gemini.
Arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåvene vil variere noko innan mellom anna følgjande område, avhengig av erfaring og kompetanse.
- Detaljprosjektering av byggeplanar innan veg-, gate- og tunnel
- Prosjekteringsleiing
- Utarbeiding av konkurransegrunnlag, teikningsgrunnlag/ modellgrunnlag og skildrande tekst (G-prog) for innhenting av tilbod frå entreprenørar.
- Anskaffelse og styring av konsulent Fagleg oppfølging i byggefasen
Kvalifikasjonskrav:
Eksamen frå universitet eller høgskule, min. 3 år, innan vegplanlegging eller tilsvarande. Ønskeleg med erfaring innan prosjektering av vegar ved bruk av modellbasert prosjektering og skriving av konkurransegrunnlag (G-prog), men vi oppmodar og nyutdanna til å søke.
For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, og med gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi fråvike kravet til utdanning.
Personlege eigenskaper:
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Strukturert, sjølvstendig og beslutningsdyktig
- Fagengasjert og resultatorientert
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no). Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling.
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklingen, og du får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.
Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidsdagar med god balanse mellom arbeid og fritid.
Vi tilbyr også desse goda: introduksjonsprogram og fadderordning fleksitid og gode ordningar for avspasering pensjonsordning og muligheit for lån i Statens pensjonskasse etatsskular og gode muligheiter for fagleg påfyll
Lønn avtalast nærare i samsvar med vår lønnspolitikk.
Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det. Vi gjer merksam på at opplysningar om deg kan bli offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal du varslast om dette.
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Statens vegvesen Region vest, Bergen
- Fylke Hordaland