Firma | Statens vegvesen Region vest |
Fylke | Hordaland |
Sted | Voss |
Søknadsfrist | 19.04.2017 |
I Statens vegvesen Region vest er det ledig stilling som kontrollingeniør innan fagområda automasjon og elektro. Vi tilbyr spennande og utfordrande oppgåver der tunnelrehabilitering og drift av eksisterande tunnelar i hovudsak er arbeidsområda. Stillinga er f.t knytt til vegseksjon Voss og Hardanger og inngår i byggherrepoolen i regionen. Kontorstad blir på Voss.
Arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåvene vil vera variert ved å ta del i prosjektering, gjennomføring og sluttføring/dokumentasjon av både investerings- og driftsprosjekt. På automasjonsdelen vil du ta del i arbeidet med styre- og overvakingssystema(SRO), samt nettverk og kommunikasjonssystema. Likeeins er og fiberløysingar og instrumentering ein del av desse installasjonane.
Innan elektro vil det vera installasjonar i tunnel, veglys og skiltløysingar med tilhøyrande styresystem.
Du skal og vere ein ressursperson for andre på seksjonen innan fagområdet automasjon.
Kvalifikasjonskrav:
Du har utdanning frå høgskule med minst 3 år ved relevant linje- og fagkombinasjon. Vi oppmodar og montørar gr. L med fagbrev og relevant praksis og etterutdanning om å søkje.
Det er ønskjeleg med røynsle frå prosjektering-/drift-/bygging av tunnel- og vegsystem, men du kan og ha anna relevant arbeidserfaring.
Søkjarar må ha førarkort for bil (klasse B). Norsk er arbeidsspråket i Statens vegvesen. Du må kunne ordleggje deg skriftleg og munnleg på norsk, slik at du kan utføre arbeidsoppgåvene sjølvstendig.
Dersom du har sterk og allsidig praksis innfor dei aktuelle fagområde eller relevant etterutdanning, kan vi fråvike kravet om høgare utdanning.
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).
Vi legg og vekt på at du er:
- Resultatorientert og tek initiativ til gjennomføring
- Kan arbeida både sjølvstendig og saman med andre
- At du leverer i samsvar med fastsette mål
- At du er fleksibel og løysingsorientert
- Kvalitetsbevisst og god på dokumentasjon
Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.
Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.
Vi tilbyr òg desse goda:
- introduksjonsprogram og fadderordning
- fleksitid og gode ordningar for avspasering
- pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
- etatsskular og høve til fagleg påfyll
Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.
Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.
Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.
Kontaktpersonar:
Lars Øyre
tlf: +47 53650102
mob: +47 90825865
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Statens vegvesen Region vest, Voss
- Fylke Hordaland