Ingeniørgeolog

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist17.04.2017

Vi søkjer ingeniørgeolog til vår geo- og skredseksjon ved Ressursavdelinga i Region vest med kontorstad Stavanger.

Seksjonen har i dag 28 medarbeidarar, derav 9 ingeniørgeologar/geologar, og vi løyser oppgåver i fylka Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane.

Seksjonen har m.a ansvar for å utføre geologisk og geoteknisk prosjektering og rådgjeving, samt geotekniske grunnundersøkingar ved bruk av eigne boreriggar. Region vest er ein av etatens to spesialistregionar innan skred. Våre geologar og geoteknikarar er difor ein del av etaten sine spesialistar innanfor skred og skredsikring.

Arbeidsoppgåver

Du skal drive ingeniørgeologisk prosjektering knytt til vegar, tunnelar og bruer, både i plan-, utførelses- og driftsfasen. Du vil og ha oppgåver innanfor akutte skredhendingar på veg. Du styrer prosessen sjølv og trekker inn andre sin kompetanse der det trengs.

Aktuelle oppgåver:

  • Delta i planlegging av veg, tunnel og skredsikringsprosjekt
  • Oppfølging og rådgjeving i anleggsfasen
  • Oppfølging og rådgjeving innan drift- og vedlikeholdsoppgåver
  • Skjeringsstabilitet og sikring for is og steinnedfall
  • Vurdering av skredfare og tiltak
  • Fagressurs ved akutte skredsituasjonar på veg
  • Arbeid med regional skredsikringsplan
  • Delta i arbeid innan spesiallistfunksjonen for skred
  • Oppfølging av konsulent innanfor fagområdet geologi

Kvalifikasjonar

Utdanning frå universitet eller høgskule, på master - /hovudfagsnivå, innan fagområde ingeniørgeologi. Det er ønskeleg med god relevant praksis frå dei aktuelle oppgåvene, men nyutdanna kan og søkje.

Du må ha gode datakunnskapar og god skriftleg og munnleg framstillingsevne i norsk. Det er naudsynt med førarkort kl. B.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Dette vil vi og vektlegge:

  • Fagleg interesse og engasjement
  • Evne til å styre, koordinere og samordne oppgåver
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Ha stå-på-vilje for å få oppgåvene gjennomført
  • Gode evner til å jobbe sjølvstendig og strukturert
  • Kunne bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersonar:
Stein Olav Njøs
tlf: +47 57655896
mob: +47 95191855

Søk her

Vis flere stillinger: