Kontrollingeniør elektro

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeSogn og Fjordane
StedFørde eller Nordfjordeid
Søknadsfrist02.04.2017

I Statens vegvesen Region vest er det ledig stilling som kontrollingeniør innan elektro i vegseksjon Fjordane. Kontorstad vil vere Førde eller Nordfjordeid. Seksjonen har ansvaret for drift- og vedlikehald på riks- og fylkesvegar og bygging av nyanlegg innanfor gitte rammer.

Arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande innan eit sterkt fagmiljø. Stillinga vil vere knytt til byggherrepoolen i Region vest.

Arbeidsoppgåvene vert å:

  • vere ein del av byggeleiinga som føl opp driftskontrakten for elektro
  • planlegge og dokumentere tiltak
  • rapportere og følgje opp kvalitet, framdrift
  • delta i byggemøte etter behov
  • delta aktivt i HMS-arbeidet

Kvalifikasjonskrav:

Det vert kravd minimum 2-års utdanning frå fagskule eller høgskule med kompetanse innan elektro/automasjon eller fagbrev innan elektro- eller automasjonsfaget. Søkjarar må ha førarkort for bil (klasse B).

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, samt gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Vi legg vekt på:

  • erfaring frå oppfølging av elektroarbeid
  • kunnskap om regelverk og forskrifter innan relevante fagfelt
  • erfaring med installasjon og drift av samferdselsanlegg er ønskeleg
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne at du er sjølvstendig, initiativrik og jobbar strukturert
  • gode samarbeidsevner og at du er aktivt med på å skape eit triveleg arbeidsmiljø

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar. Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi tilbyr også desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og gode høve for fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersonar:
Lars Erik Karlsen
mob: +47 95191827

Tone Anette Espe
mob: +47 95948075

Søk her