Fjordkryssingsprosjektet - Vikariat Bruplanlegger/Prosjektingeniør

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland, Rogaland
StedStavanger, evt. Bergen
Søknadsfrist26.03.2017

Fjordkryssingsprosjektet er Statens vegvesen si særskild eining for utvikling av brukonsept for ekstreme fjordkryssingar. Vi jobbar blant anna med utvikling ulike rørbru- og flytebrukonsept for kryssing av Bjørnafjorden og Sulafjorden, og etter kvart står også dei andre fjordane langs E39 står for tur. Dette er breie og djupe fjordar, og vi står ovanfor utfordringar som Noreg ikkje har hatt sidan utviklinga av industrien i Nordsjøen. Vi trur at det er mogleg å ta med seg erfaringar som er opparbeida offshore til arbeidet med bruene vi no skal bygge.

Vikariatet er knytt til Fjordkryssingsprosjektet som er underlagt Prosjektavdelinga, i Region vest, men du vil arbeide saman med folk frå Bruseksjonen i Region vest, i tillegg til bruseksjonane i Vegdirektoratet, Region midt, Region øst og Region sør. På Fjordkryssingsprosjektet er det pr. i dag 18 tilsette, av desse er åtte i Stavanger, to i Bergen.

Vikariatet gjeld frå snarast og fram til ut august 2019.

Arbeidsstad vil være Stavanger, men Bergen kan og vera aktuell. Reiseverksemd i samband med møter, arbeidsgrupper og konferansar må påreknas.

I stillinga vil du få erfaring med spanande konstruksjonstypar som Røyrbru og Flytebru, og du vil være med i planlegge av alle fasar frå bygging til drift og framtidig vedlikehald av desse ekstreme konstruksjonane.

Arbeidsoppgåvene vil blant anna vere:

  • Utvikling av brukonsept for Bjørnefjorden
  • Utarbeiding av Design Basis for ekstreme fjordkryssingar
  • Oppfølging av forskningsarbeid ved NTNU, UiS og andre
  • Utarbeiding og oppfølging av konsulentoppdrag
  • Kvalitetssikring av utarbeida materiale
  • Prosjektstyring/prosjektstøtte
  • Dokumenthandtering for prosjektet
  • Samhandle med resten av prosjektet

Vi treng også at du er med på å utvikle strategiar for vidare arbeid og framdrift. Det er viktig for oss å spre den nye kunnskapen vi jobbar fram.

Dersom du blir med oss vil du samarbeide med svært dyktige fagfolk frå inn- og utland, i og utanfor Vegvesenet. Du har unike muligheiter til å utvikle fagkompetansen din og til å påverke fagmiljøet.

Vi søkjer deg med:

  • Mastergrad innan konstruksjonsteknikk, marinteknikk eller anna relevant fagbakgrunn
  • Min. 3 års relevant erfaring innan bru- eller offshoreprosjekt
  • Ønskelig med erfaring innan dokumenthandtering (webhotell og andre arkivsystem)
  • Ønskjeleg med erfaring i bruk av DAK-verktøy som AutoCAD/ NovaPOINT, analyseprogram for bruer eller flytande/faste marine konstruksjonar, samt generelle program som Excel og Word
  • God skriftleg og munnleg førestellingsevne på norsk og engelsk

Vi legg vekt på at du:

  • er initiativrik og sjølvdriven i arbeidet
  • engasjere og skaper entusiasme blant kollegaene dine
  • har evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og strukturert
  • har høve til å kunne reise i jobben
  • har god munnleg og skriftleg uttrykksform, både på norsk og engelsk

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll
  • høve til vidareutdanning

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk på stillingen her