Bystyremedlem Robert Monsen klippte snora. T.h. prosjektleiar Sverre Ottesen i Statens vegvesen. T.v. prosjektsjef Ole-Henning Davik, Implenia. Foto: Geir Brekke/Statens vegvesen

Samarbeids-rampen

– Søråsrampen er eit synleg resultat av godt samarbeid mellom Statens vegvesen og lokalbefolkninga, seier Sverre Ottesen.

Prosjektleiaren for E39 Svegatjørn–Rådal inviterte ei lokal Facebook-gruppe på Sørås og Nordås i Bergen til dialog etter eit folkemøte før byggestart i 2015.

Reguleringsplanen frå 2012 for prosjektet ga ikkje noko alternativ løysing til stenging av den tidlegare Nordåsrampen, melder vegvesen.no

Her viste det seg at var råd å få bygt eit alternativ til den stengte Nordåsrampen. Laurdag fekk trafikken ta i bruk Søråsrampen. I føremiddag var den 300 meter lange avkøringa frå rv. 580 Fritz C. Rieberveg «opna» med snorklipping og kort tale av bystyrerepresentant Robert Monsen, ein av dei som har vore pådrivar for vegen i lag med lokalgruppa.
Øvste delen av Søråsrampen er for trang for bilar på over 15 meters lengde. Det er skilta for tungtrafikken nord for rampen på rv. 580. Dei lengste doningane må ta sløyfa om neste rundkjøring etter Søråsrampen og ta tilbake over Søråsbrua i retning Nordås og Sørås.