Teknisk byggeleiar, innreiing av tunnel

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedProsjektkontoret på Hamre i Fana
Søknadsfrist19.03.2017

Hausten 2015 starta anleggsarbeidet på den nye motorvegen mellom Os og Bergen. Her er vi kome godt i gang med bygging av 18,5 km ny 4-felts veg, av dette ca. 14,5 km i tunnel. Med ei kostnadsramme på 6,5 milliardar kroner er prosjektet eit av dei største vegprosjekta som nokon gong er gjennomført i Noreg. Ny veg skal opnast i 2022.

Vi har no hatt gjennomslag på den første av tunnelane i prosjektet, og har ledig stilling som teknisk byggeleiar, innreiing av tunnel. Stillinga inngår i den regionale byggherrepoolen og er f.t knytt til Prosjektet E39 Svegatjørn - Rådal med kontorstad på prosjektet sin anleggsrigg ved Hamre i Fana bydel i Bergen.

Arbeidsoppgåver

  • Teknisk, økonomisk og framdriftsmessig oppfølging innan fagområdet.
  • Arbeidsleiaransvar for kontrollingeniørane på prosjektet i samarbeid med dei andre byggeleiarane.
  • Oppfølging av kontrakt mot entreprenør.
  • Ansvarleg for at krav til dokumentasjon og rapportering vert følg av entreprenør, både undervegs og ved ferdigstilling.
  • Koordinere informasjonsflyt og erfaringsutveksling på tvers av avtale- / kontraktsgrenser og ulike faglege interesser.
  • Følgje opp kontrollplan og sørge for at kontrollar vert gjennomførd.

Kvalifikasjonskrav og bakgrunn

Du har relevant utdanning frå universitet eller høgskule, min. 3 år, innan bygg- og anleggstekniske fag. Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet. Du må ha førarkort for bil (klasse B).

Vi søkjer etter ein omgjengeleg og målretta medarbeidar med god kjennskap til fagområda veg og tunnel. Vi ser helst at du har min. 3-5 års erfaring frå anleggsarbeid knytt til desse fagområda. Evne til sjølvstendig og systematisk arbeid er ein viktig eigenskap i desse jobbane. I tillegg må du ha gode kommunikasjonsevner både munnleg og, ikkje minst, skriftleg. Evne til å samarbeide med entreprenørane våre er heilt avgjerande, og du må trivast ute på byggjeplassen. Det er elles viktig med gode generelle datakunnskapar.

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar.

Vi tilbyr også desse goda:

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskular og gode høve for fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Les meir om prosjektet på:

vegvesen.no/vegprosjekter/e39svegatjornradal

facebook.com/SvegatjornRaadal

Kontaktpersonar:
John Ove Bjørge
mob: +47 90633376

Søk her