Nordre munning av Skogafjellstunnelen. Partytelt med enkel feiring for entreprenør og byggherre-mannskap. Foto: Geir BrekkeProsjektleiar Sverre Ottesen i Statens vegvesen var nøgd med at det ikkje har vore skader på arbeidet med Skogafjellstunnelen så langt. Foto: Geir BrekkeAnleggsleiar Trygve Slåke frå Veidekke takka mannskapa sine. Foto: Geir BrekkeLokalpressa fekk med seg markeringa frå kloss hald. Foto: Geir BrekkeOrdførar Marie Bruarøy i Os (t.h.) i lag med varaordførar Laila Marie Reiertsen. Foto: Geir Brekke

Gjennomslag på E39 Svegatjørn-Rådal

Onsdag var det markering av første tunnel-gjennomslag på E39 Svegatjørn–Rådal. Skogafjellstunnelen har fått gjennomtrekk.

Det er vestre løpet, retning sørover mot Svegatjørn, som er kome lengst. Veidekke, Statens vegvesen og gjestar kunne skåle med stett-glas og dele kake som markering av gjennomslaget, melder vegvesen.no.

Ein kvart mill. kubikk

Den 1.445 meter lange Skogafjellstunnelen er sørlegaste tunnelen i motorvegprosjektet mellom Bergen og Os. Byggestart på dei to tunnelløpa mellom Svegatjørn og Endalausmarka var for eitt år sidan. Fram til sist veke var det teke ut kring 250.000 kubikkmeter fjellmassar frå dei to tunnelløpa. Tunneldrivinga tok til i sør, men frå hausten 2016 har det og vore sprengning frå nord på båe løpa.

To svake soner

Fram til sist veke var det sett inn kring 13.000 fjellboltar som permanent sikring i tunnelen. Det har vore middels til godt fjell under drivinga. Tunnelmannskapa møtte to fjellsoner som krevde tung sikring. Då har det vore ein god del såkalla injisering av sement før sprenging av tunnelen. Dette var som venta.

Prosjektleiar Sverre Ottesen i Statens vegvesen la vekt på at det ikkje har vore skadar på mannskapa under driving av Skogafjellstunnelen, så langt.