Kontrollingeniør, asfaltfag

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist05.03.2017

Ved lab – og vegteknologiseksjonen i Statens vegvesen Region vest har vi ledig stilling som kontrollingeniør innan asfaltfag.

Seksjonen utfører felt- og laboratorieundersøkingar innan fagområda betong, steinmateriale, asfalt og geoteknikk, og bistår prosjekta i regionen med kontroll av utføring og kvalitet på materiala som vert nytta til vegbygging.

Seksjonen har totalt 14 tilsette og to nye sertifiserte analyselaboratorium i Bergen og Stavanger.

I hovudsesong vil arbeidsoppgåvene vere å:

  • Utføre teknisk kontroll av asfaltarbeid
  • Utføre stikkprøvekontroll ved bygging / utbetring av veger
  • Kontrollere utførselen av arbeidet, med fokus på teknisk kvalitet
  • Bistå i utarbeiding av kontrollplaner og gjennomføre kontroll av vegnettet
  • Kontroll av dokumentasjon og rapportere resultat
  • Følgje opp kvalitetssystem og HMS-arbeid
  • Delta i fag- og byggemøter etter behov
  • Gjennomføre analysearbeid på laboratorium ( Asfalt , steinmateriale )

En del reising i regionen må påreknast, samt noko kvelds -og nattarbeid i dekkeleggingssesongen. I den tida av året det ikkje er asfaltlegging vil arbeidet bestå av andre kontrolloppgåver , analysearbeid på laboratorium og rapportering.

Kvalifikasjonar og ønska bakgrunn:

Utdanning frå universitet eller høgskole, min. 3 år, innan relevant fagretning. Vi ønskjer at du har lengre erfaring frå arbeid med tilsvarande oppgåver, gjerne frå bransjar som t.d bygg – og anlegg eller entreprenør.

Som kontrollingeniør er du med på å sikre at prosjekta våre held høg kvalitet. Det stilles derfor store krav til dokumentasjon og det viktig at du har gode datakunnskapar og god skriftleg og munnleg framstillingsevne i norsk. Då du kjem til å ha oppdrag rundt i regionen er det naudsynt med førarkort kl. B og BE ( tilhengar).

For søkjarar med to- årig teknisk fagskule, samt sterk og allsidig praksis frå det aktuelle fagområdet, etterutdanning og gode personlige eigenskapar for stillingane kan kravet til høgare utdanning fråvikast.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert omsetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Vi vil også vektlegge at du har:

  • evne til å kunne ta initiativ og jobbe sjølvstendig
  • evne til å arbeide nøyaktig og strukturert
  • god samarbeidsevne og tverrfagleg interesse
  • gode kommunikasjonsevner
  • interesse for og kan aktivt vere med å skape et triveleg og godt arbeidsmiljø

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du er med på å påverke samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersonar:
Iris Hackelberg
mob: +47 97799423

Søk her

Vis flere stillinger: