Grunnervervarar

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeSogn og Fjordane
StedLeikanger
Søknadsfrist02.03.2017

I Statens vegvesen Region vest ved Eigedomsseksjonen har vi ledig ei fast stilling og ei stilling i eitt års vikariat som grunnervervar, med kontorstad på Leikanger.

Eigedomsseksjonen har ansvar for erverv av areal til bygging og drift av riks- og fylkesvegar, og for oppmåling og forvaltning av eksisterande veggrunn. Seksjonen har eit samla fagmiljø på vel 50 medarbeidarar i regionen.

Arbeidsoppgåver

Kan du tenkje deg å arbeide med grunnerverv og eigedomssaker og er jordskiftekandidat, jurist eller har annan relevant bakgrunn, då har vi stilling til deg. Du vil få utfordrande, varierande og sjølvstendige arbeidsoppgåver innan grunnerverv. Som grunnervervar vil du delta i prosjektgrupper for nye vegprosjekt og bidra i heile prosessen frå start av planarbeidet til veganlegget er ferdig bygd.

Våre prosjekter varierer frå store veganlegg til gang- og sykkelvegar, trafikksikringstiltak og større og mindre drifts- og vedlikehaldsprosjekt.

Kvalifikasjonskrav og bakgrunn:

Det blir kravd at du har mastergrad frå universitet/høgskule innan fagområda planfag, eigedomsfag eller juridiske fag. For søkjarar som har lang og relevant erfaring innan dei aktuelle fagområda, og som har gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast. Det er ønskjeleg med erfaring innan fagområdet, men vi vil også oppmoda nyutdanna til å søkje. Søkjaren må ha førarkort kl. B.

Seksjonen har mykje kontakt med eksterne aktørar, og vi legg vekt på gode samarbeidsevner, sjølvstendig og systematisk arbeidsform og god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne.

Vi ønskjer at du er initiativrik, engasjert og resultatorientert og vil bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersonar:
Odd-Sverre Johansen
tlf: +47 57655774
mob: +47 95191913

Søk her