Illustrasjonsfoto: Sindre Sverdrup Strand

SSB: Små endringer i byggjekostnadene

Byggjekostnadene for bustader gjekk opp med 0,2 prosent frå desember 2016 til januar i år og var 3,3 prosent høgare enn i januar 2016.

Byggjekostnadene for bustader gjekk opp med 0,2 prosent frå desember i fjor til januar i år, og både einebustad av tre og bustadblokk gjekk opp med 0,2 prosent i same periode. Materialkostnadene for einebustad av tre og bustadblokk auka med høvesvis 0,2 prosent og 0,4 prosent.

Frå januar 2016 til januar 2017 auka kostnadene for bygging av einebustader av tre og bustadblokker med 2,9 prosent for begge bustadtypene. Dei tilsvarande materialkostnadene steig med høvesvis 3,2 prosent og 2,6 prosent i same periode for einebustad og bustadblokk.