Avdelingsdirektør, Region vest

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeSogn og Fjordane
StedLeikanger
Søknadsfrist05.03.2017

I Statens vegvesen Region vest søkjer vi ny leiar til vår Ressursavdeling. Avdelinga er regionen si fagavdeling og bidreg til å skape framtidas infrastruktur gjennom å levere tenester og produkt til heile vegen sitt livsløp, frå idè til planlegging, prosjektering og utbygging.

Avdelinga er delt inn i seks fagområde ( prosjektering, plan, eigedom, geo/skred, lab/vegteknologi og bru) med tilsaman ca 290 tilsette fordelt på kontorstadane Leikanger, Bergen og Stavanger. Dei tilsette løyser oppdrag på bestilling frå andre interne avdelingar og er dermed sjølvfinansierte. Årleg omsetning er på ca 300 mill.

Viktigaste arbeidsoppgåver

Som leiar har du det overordna ansvaret for dagleg leiing, styring og utvikling av avdelinga. Dette inneber budsjett- og resultatansvar for heile avdelinga og direkte personalansvar for totalt 12 seksjonsleiarar. Denne gruppa er avdelinga si leiargruppe.

Stillinga rapporterer til regionvegsjefen og du inngår også i hans leiargruppe. Du er såleis aktivt med i leiing og utvikling av heile regionen. Stillinga inneber ein del reiseaktivitet. Kontorstad vil vere Leikanger.

Avdelinga utfører mykje eigenproduksjon, men i tillegg forvaltar og koordinerer avdelinga også ei rekkje store konsulentavtalar. Dette gjer at kunnskaps- og kompetansenivået blant dei tilsette er høgt. Fokus på kompetansestyring – og utvikling er viktig, i tillegg sikre gode og effektive leveransar til våre oppdragsgjevarar.

Stillinga inneber også mykje kontakt og samarbeid med andre einingar i Vegvesenet og eksterne samarbeidspartnarar.

Kvalifikasjonar

Du har utdanning frå universitet eller høgskule, min. 4 år, fortrinnsvis innan leiing, økonomi eller teknisk fagretning. Vi krev fleirårig leiarerfaring frå privat og/eller offentleg verksemd.

For deg som har fleire års erfaring med leiing, samt gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til høgare utdanning fråvikast. Stillinga føreset sikkerheitsklarering eller at slik kan gjevast.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, må den vere godkjend av NOKUT( www.nokut.no).

Forventningar:

Å leie og vidareutvikle ei slik stor avdeling vil vere krevjande og særs spennande. Du må evne å ha fokus på og eit heilheitleg perspektiv på alle fagområda til avdelinga. Du som leiar må også vere utviklingsorientert og omstillingsdyktig i høve til organisasjon og samfunn.

I vår arbeidskvardag legg vi stor vekt på våre verdiar: inkluderande, profesjonell og framtidsretta. Vi ynskjer difor leiarar som:

  • er synlege og gode rollemodellar for sine medarbeidarar
  • viser handlekraft og gjennomføringsevne
  • er resultatorienterte og definerer mål og retning for avdelinga
  • set krav, er tydeleg og gjer klare tilbakemeldingar på arbeid og åtferd

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • eigne leiarutviklingsprogram
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og gode høve for fagleg påfyll

Løna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersonar:
Regionvegsjef Helge Eidsnes
mob: +47 95894100

Søk stilling