Foto: Statens vegvesen

Utsett siste løft på Loftesnesbrui - bruboga kjem opp laurdag

Dei to sidespenna på Loftesnesbrui er no monterte, men då dei førebuande arbeida til montering av hovudspennet tok lengre tid enn venta, er siste løft utsett frå fredag til laurdag.

- Løftet av hovudspennet er ein milepel i prosjektet, for det er då den nye brua får sin endelege form, heiter det i ei melding frå Statens vegvesen. 

Nye Loftesnesbrui er av typen nettverksbogebru og er 194 meter lang. Brua tek med seg element av boga frå den gamle brua frå 1958, men vert mykje meir oversiktleg. Ny bru er mykje breiare og med eiget felt for gåande og syklande. Køyrebana blir flatare enn dagens bru, som har stor høgdeforskjell inn mot midten.

At brua blir heist på plass, betyr ikkje at den er klar for trafikk. Ståldelane er som eit «skal» som må fyllast med innhald, mellom anna er det eit svært støypearbeid som skal gjerast. Trafikken kjem på først i desember.