Kontrollingeniørar veg investering

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist19.02.2017

I Statens vegvesen Region vest er det ledige 4 stillingar som kontrollingeniør ved avdeling Rogaland, Vegseksjon Stavanger – Investering, med kontorstad i Stavanger.

Seksjonen er i dag organisert med 34 årsverk, og har ansvar for små og store investeringsprosjekt i heile Sør-Rogaland og delar av Ryfylke.

Større investeringsprosjekt som byggas nå, og skal byggjast seinare, er blant anna vidare kollektivutbygging langs fv44 mellom Stavanger og Sandnes og langs rv.509 frå Revheim mot Hafrsfjord/ Tananger, rv.509 Sømmevågen, E39 Sandve-Hove (4-felt) og rv505 Skjæveland-Foss Eikeland. I tillegg er det stort fokus på bygging av gang- og sykkelvegar og trafikksikkerheitstiltak.

Som kontrollingeniør er du med på å sikre at prosjekta våre held høg kvalitet.

Kontrollingeniør veg stilling inngår i byggherrepoolen i regionen, men vil f.t. vere knytt til vegseksjon Stavanger Investering, avdeling Rogaland.

Arbeidsoppgåver

  • Kontakt og oppfølging av entreprenørar og andre leverandører, inkl. fotografering, føring av dagbok og oppfølging av krav til dokumentasjon og rapportering
  • Oppfølging av arbeida, samt å utføre eller få utført, teknisk stikkprøvekontroll innafor eige ansvarsområde
  • Deltaking i byggjemøter etter behov
  • Kontrollen skal utførast og dokumenterast ut i frå byggherren sin kontrollplan
  • Ta del i den daglege kontakten med dei som vert berørte av anleggsarbeida
  • Støtte med utarbeiding av teknisk slutrapport

Noko reiseverksemd, samt kvelds- og nattarbeid i periodar, må påreknast.

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år og innan relevant fagkrins
  • Stillingane set krav til mobilitet, og vi krev førarkort for bil (klasse B)
  • Den som blir tilsett må kunne beherske norsk målføre, skriftleg og munnleg

For søkjarar med 2 årig teknisk fagskule, samt sterk og allsidig praksis frå det aktuelle fagområdet, etterutdanning og gode personlige eigenskapar for stillingane, kan kravet til utdanning fråvikas.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Vi vektlegg

  • Evne til å kunne ta initiativ og jobbe sjølvstendig
  • Erfaring frå liknande arbeidsoppgåver
  • Ryddig, strukturert og med god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Evne til systematisk tilnærming
  • God samarbeidsevne og tverrfagleg interesse
  • At du aktivt er med å skape et triveleg og godt arbeidsmiljø

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersonar:
Harald Bøhn
mob: +47 92610412

Søk stilling

Vis flere stillinger: