Byggjeleiar for fv. 633 tunnel gjennom Kleiva i Selje

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeSogn og Fjordane
StedFørde eller Nordfjordeid
Søknadsfrist12.02.2017

Vegavdeling Sogn og Fjordane, har ledig stilling som byggjeleiar for bygging av tunnel ved Kleiva i Selje kommune.

Stillinga er knytt til byggherrepoolen i Region vest, for tida med kontorstad Førde eller Nordfjordeid. I anleggsperioden må du påreikne utestasjonering på anlegget.

Arbeidsoppgåver

Vi søkjer ein byggjeleiar som forstår mekanismane og kan løyse utfordringane i eit stort byggjeprosjekt. Du får det tekniske og økonomiske hovudansvaret for gjennomføringa og evalueringa av ein entreprisekontrakt i prosjektet. God fagleg tyngd frå byggjeleiing er ein føresetnad, men det er like viktig at du kan handtere både grunneigarar, konsulentar og entreprenørar på ein god måte.

Du skal

  • utarbeide konkurransegrunnlag og gjennomføre anskaffing
  • ha teknisk og økonomisk oppfølgjing av kontrakt
  • drive HMS-arbeid
  • ha kontakt og oppfølging av entreprenør og andre leverandørar
  • koordinering og oppfølging av kontrollingeniør

Kvalifikasjonskrav:

Min. 3 års utdanning frå universitet eller høgskule, med kompetanse innan bygg- og anleggstekniske fag eller tilsvarande. For kandidater med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Førarkort for bil (klasse B) er eit vilkår.

Vi legg vekt på at du:

  • har erfaring frå tunnelbygging/vegbygging
  • har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • er sjølvstendig, initiativrik og jobbar strukturert
  • har evne til å arbeide i tidvis hektiske tilhøve
  • har gode samarbeidsevner og er fleksibel ifht arbeidsoppgåver

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersonar:
Margot Åsebø
mob: +47 95191902

Søk her