To vikariat som kommunikasjonsrådgjevar

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist12.02.2017

Kommunikasjonsstaben i Statens vegvesen Region vest er blant dei største fagmiljøa for kommunikasjon på Vestlandet.

Kommunikasjonsrådgjevarane her har mange og viktige roller for at organisasjonen skal nå sine mål. Vi har spesialistar, strategar, kompetansebyggjarar og produsentar i ein stab på 15 medarbeidarar. To av dei skal snart ut i ca eitt års permisjon, og no ser vi etter deira erstattarar.

Det eine vikariatet handlar fullt og heilt om kommunikasjonsarbeidet knytt til satsinga på samferdsel, bymiljø og byvekst i Bergen. Satsinga her er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune, Jernbaneverket og Vegvesenet, og du blir den som koordinerer og leiar arbeidet med kommunikasjon på tvers av etatane. Vi ønskjer du kan byrje i vikariatet i mai.

Det andre vikariatet består av strategiske og operative kommunikasjonsoppgåver staben gjer både eksternt og internt i heile regionen. Du kjem særleg til å arbeide med kommunikasjon på pågåande vegprosjekt og prosjekt som er under planlegging. I tillegg blir du ein av medievaktordninga vår. Vi ønskjer du kan byrje i dette vikariatet i juni/juli.

Kvalifikasjonar

Til begge stillingane søker vi deg som har relevant høgare utdanning på master-/hovudfagsnivå og erfaring med kommunikasjonsarbeid. Lang erfaring kan eventuelt vege opp for kravet til høgare utdanning.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert omsetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Du ønskjer å bidra med og til ein open, truverdig og tydeleg kommunikasjon. Arbeidskapasiteten din er stor, og du er flink til å samarbeide og skape gode relasjonar. Arbeidsstad for begge stillingane er vårt nye kontorbygg i Nygårdsgaten i Bergen.

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Vi tilbyr varierte og utfordrande oppgåver i eit engasjert og stort fagmiljø. Samarbeid, deling av kunnskap og god fagleg kvalitet er viktig hjå oss. Du påverkar samfunnsutviklinga og du får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidsdagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskular og gode moglegheiter for fagleg påfyll
  • Bedriftshytter/bedriftsidrettslag

Løn avtalast nærare i samsvar med vår lønnspolitikk.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon. I søknaden vil vi gjerne at du skriv kva av dei to dei vikariata du føretrekk.

Kontaktpersonar:
Arne Eithun
tlf: 57655904
mob: 97055223

Søk her

Vis flere stillinger: