Illustrasjonsfoto: Ådne Homleid

Klarsignal for Møre og Romsdals største samferdsleprosjekt

Måndag 12. desember gjorde Fylkestinget i Møre og Romsdal siste og endelege vedtak om bygging av Nordøyvegen.

Etter omfattande politiske runde og ikkje minst faglege justeringar jamføre krav om stigningsprosent er det no gjeve heilt grønt lys for prosjektet.

- Vi har jobba på spreng og er svært nøgd med at vi har funne gode løysingar alle partar er einige om. Dette er eit spennande prosjekt som inneheld de fleste element eit samferdsleprosjekt kan ha, seier prosjektleiar Marianne Nærø i ei melding.

No skal bompengesøknaden sendast og blir vonleg vedteke i Stortinget før sommaren. Då kan den første kontrakten utlysast.

- Vi jobbar parallelt sånn at vi er klare når bompengefinansieringa er på plass. Går alt etter planen kan vi ta første spadetak høsten 2017, seier Nærø.

Nordøyvegen blir tidenes største samferdsleprosjekt i Møre og Romsdal og har ei styringsramme på ca 3,4 milliarder kroner.

Nordøyvegen gir fastlandssamband for omlag 2900 menneske på Lepsøya, Haramsøya, Skuløya/Flemsøya og Fjørtofta i Haram kommune og Harøya og Finnøya i Sandøy kommune i Møre og Romsdal.

Dei rundt 10000 innbyggjarane i kommunane Haram og Sandøy blir knytt nærare saman. Både næringsliv og private vil spare transportkostnadar og få eit meir fleksibelt transportsystem.

Nordøyane har i dag to ferjesamband og eitt hurtigbåtsamband.

Prosjektet består av følgende hovedelement:

  • Lepsøybrua, 800m lang høgbru frå Skjeltene på fastlandet over skipsleia til sjøfylling mot Lauka og Hestøya
  • 2 mellomstore bruer, 100m og 200m lengde, mot Lepsøya
  • Haramsfjordtunnelen fra Hestøya - Austnes lengde 3500m
  • Nogvafjordtunnelen, fra Longva på Flemsøya – til Fjørtofta, lengde 5730m
  • Fjørtofttunnelen, fra Fjørtofta – til Myklebust på Harøya, lengde 3680 m.
  • Miljøtunnel på Fjørtofta (Hubrotunnelen), lengde 170m
  • Veg på sjøfylling over Lepsøyrevet, total lengde 2735m