Kontrollingeniør elektro Ryfastprosjektet

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist30.12.2016

Vil du ta del i bygginga av eit av Noregs største vegprosjekt?

Prosjektet vart endeleg godkjent av Stortinget i juni 2012 og byggestart på første entreprise var i november 2012. No er både Ryfylketunnelen, Hundvågtunnelen og Eiganestunnelen under bygging. Prosjektet er lokalisert i prosjektkontor på Våland i Stavanger, med ein byggherreorganisasjon på om lag 50 medarbeidarar, og er planlagt ferdigstilt i 2019.

Statens vegvesen søkjer no kontrollingeniør elektro.

Stillinga er fast i Statens vegvesen Region vest, ved prosjektslutt blir personell overført til andre relevante oppgåver i byggherrepoolen i regionen.

Aktuelle arbeidsoppgåver vil vere:

  • oppfølging av elektroinstallasjonar
  • rapportera og følgje opp kvalitet og framdrift
  • følgje opp HMS og entreprenøren sitt kontraktarbeid
  • avslutte og dokumentere gjennomførte tiltak

Kvalifikasjonskrav:

Utdanning frå teknisk fagskule eller høgskule, minimum 2 år, samt fagbrev som automatikkar og elektrikar gr. L.

Du må ha omfattande og relevant erfaring frå store bygge- eller anleggsprosjekt, helst meir enn 10 år, og gjerne frå oppfølging av anleggsprosjekt innan samferdsel.

For kandidatar med allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, samt gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Du må ha førerkort klasse B.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Vi legg vekt på:

  • at du er initiativrik og har gode kommunikasjonsevner
  • at du er sjølvstendig, målretta og jobbar strukturert
  • generelt gode datakunnskapar
  • at du har kunnskap om regelverk og forskrifter innan relevante fagfelt
  • gode skriftlege og munnlege framstillingsevner
  • gode samarbeidsevner og at du er aktivt med på å skape eit triveleg arbeidsmiljø
  • fleksibilitet til arbeidsoppgåver

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersonar:
Gunnar Eiterjord
mob: +47 91877089

Lars Martin Rage
mob: +47 48041420

Søk her

Vis flere stillinger: