Auka kapasitet for tvisteløysingsnemnda

Kongen i statsråd har valt ny tvisteløysingsnemnd etter arbeidsmiljølova for perioden 1. november 2016 til 31. oktober 2019. Talet på faste medlemer er auka frå tre til ni personar.

Nyoppnemning av nemnda skuldast endringar i forskrifta om tvisteløysingsnemnda, som vart fastsett 23. juni 2016, og som vil gjelde frå i dag. Den viktigaste endringa er at talet på faste medlemer i nemnda aukar frå tre til ni. Kvar enkelt sak skal som før settast med tre faste medlemer. Tvisteløysingsnemnda sin kapasitet blir dermed auka.

Advokat Anne Marie Due er valt som ny leiar i nemnda, og advokat Sigrun Sagedahl og advokat Steffen G. Rogstad som nestleiarar.

Her finn du heile lista over nye medlemer