Illustrasjonsfoto: Sindre Sverdrup Strand

Nye tiltak skal gi fleire lærlingeplassar i staten

– Vi treng dyktige fagarbeidarar og staten skal ta sin del av ansvaret for å sikre gode plassar for lærlingar, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

OK stat blir eit permanent opplæringskontor som skal rekruttere fleire lærlingar og læreverksemder i staten. Frå hausten 2017 legg regjeringa til rette for ei satsing på lærlingar i tryggingsfaget.

– Det er viktig for Noreg å få fleire dyktige fagarbeidarar. Det gir mange moglegheiter for dei unge, og det er viktig for samfunnet, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

OK stat blei oppretta som eit opplæringskontor for statlege verksemder i Oslo og Akershus i 2013. Opplæringskontoret rekrutterer lærlingar og lærebedrifter, opprettar og administrerer lærekontraktar og marknadsfører staten som attraktiv arbeidsgivar. Regjeringa vil gjere opplæringskontoret til ei permanent kontor frå 2017. Verksemda blir utvida til å omfatte statleg arbeid i fleire fylke. Regjeringa foreslår ei løyving på to millionar kronar til drift av kontoret, som blir lagd til Direktoratet for forvaltning og IKT.

Regjeringa foreslår også ei særskild satsing på lærlingar i tryggingsfaget. Lærlingane skal frå 2017 arbeide som tryggingsvakter i Service- og tryggingsorganisasjonen til departementa (DSS). Læretida i tryggingsfaget vil gi lærlingane kompetanse som tryggingsvakter.

– Regjeringa gjennomfører eit løft for yrkesfagutdanninga og vil heve statusen til yrkesfaga. Med denne satsinga sikrar vi rekrutteringa av tryggingsvakter og styrkjer lærlingordninga i staten, seier Sanner.

DSS vil opprette seks lærlingeplassar innanfor tryggingsfaget i 2017. Frå hausten 2018 vil det bli teke inn ytterlegare seks nye lærlingar. Frå 2018 vil det til ei kvar tid vere 12 lærlingar under utdanning. Dei fyrste lærlingane vil få fagbrevet i 2019.