Grunnervervar Sturla Johnsen frå Forsvarsbygg (t.v.) underteikna kontrakten med entreprenøren, representert av dagleg leiar Tore Strand.

Byggmester Strand signerte Ørland-kontrakt

Forsvarsbygg inngikk i førre veke avtale med Byggmester Strand for støytiltak på bustadar. Arbeidet med støytiltaka tek til i slutten av året.

Forsvarsbygg har inngått kontrakt med Sandefjord-verksemda Byggmester Strand, for arbeidet med støyreduserende tiltak på dei 18 første bustadane i området omkring flystasjonen på Ørland. Entreprenøren har røyndom frå tilsvarande oppdrag.

Fleire hundre bustadar i området kring Ørland flystasjon vil få støyreduserende tiltak på sine bustadar som følge av utbygginga av basen for de nye F-35-kampflyene. Kva for bustadar som får tiltak er omtalt i reguleringsfråsegnene, og avgjerast etter synfaringar og beregningar gjennomført av Multiconsult på vegne av Forsvarsbygg.

- Med nært føreståande oppstart, er vi i rute for å rekke fristen i reguleringsfråsegnene for fullføring av støytiltak, som er ved utgangen av 2019, seier Olaf Dobloug, direktør i Forsvarsbygg kampflybase.

Det vil komme fleire tilbodskonkurransar for støytiltak. Så langt har omlag 240 bustadar hatt synfaring, og dei vil halde fram i 2016, 2017 og 2018.

Kontrakten har en verdi på 5,2 millionar kroner (inkl MVA).