Bjørnar Stifossmoen (til venstre) signerte avtalen på vegne av Forsvarsbygg med Harry Koppendraaier i Protec Industrial Doors.

Ny kontrakt kampflybasen

Forsvarsbygg inngikk tirsdag kontrakt med det nederlandske selskapet Protec Industrial Doors om kjøp av portar til det nye vedlikehaldsbygget for F-35 på Ørland flystasjon. Kontrakten har ein verdi på 50 millionar kroner.

Kontrakten inneberer at Protec skal levere i alt 19 portar til vedlikehaldsbygget. Portane produserast i Nederland, etter eit skreddarsydd design i samarbeid med Forsvarsbygg der ei rekkje krav skal kombinerast i det ferdige produktet. Protec har tidlegare levert portar til ulike Nato-prosjekt, inkludert anlegg som knyt seg til F-35 kampfly.

- Avtalen med Protec er ein milepel i arbeidet med å skipe vedlikehaldsbygget, og den bidreg til å trygge framdrifta i høve oppdraget med å sette Ørland flystasjon i stand til å ta i mot til F-35 kampfly, seier Jens Levi Moldstad, plan og utbyggingssjef i Forsvarsbygg.