Høgrekøyring også på denne, nye sykkelvegen. Foto: Geir Brekke/Statens vegvesen

850 meter ny sykkelveg på E39 Svegatjørn-Rådal

Bergen har fått ca 850 meter ny gang- og sykkelveg med bru over Flyplassvegen. Vegen inngår i prosjekt E39 Svegatjørn-Rådal.

Ny motorveg mellom Bergen og Os gir og ny delstrekning mellom Nordås og rv. 580 Flyplassvegen. Her pågår driving av to tunnelløp frå Flyplassvegen i retning nordover mot Sørås og Nordås. Gang- og sykkelvegen langs nordsida av Flyplassvegen er i konflikt med det nye veganlegget. Difor er det bygt ny gang- og sykkelvegbru over Flyplassvegen og ny strekning for mjuke trafikantar på sørsida av vegen, mot Skeievatn, melder vegvesen.no.

Baneanlegget til Fana golfklubb ligg på båe sider av Flyplassvegen. Golfspelarane har frå april i år fått ny tilkomst på tvers av bilvegen, over den nye brua. Og no har dei fått selskap av syklistar og fotgjengarar på den nye vegen og brua. 

Reguleringsplanen som ligg til grunn er vedteken for ti år sidan, etter dåverande standard. Det vil seie tre meters breidde, utan merking av vegbana. Kring brua er det stingning og svingar, som krev godt samspel mellom raske syklistar og gåande.