Regional fagansvarleg automasjon

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeFlere fylker
StedLeikanger, Bergen eller Stavanger
Søknadsfrist21.09.2016

Statens vegvesen Region vest står framfor store og grensesprengande utbyggingsoppgåver dei neste åra. I tillegg har vi eit eksisterande vegnett som gradvis vert oppgradert. Mykje av utbyggings- og vedlikehaldsaktiviteten vår er knytt til tunnelar.

Krava til styring og overvåking av tunnelar har blitt innskjerpa dei siste åra. I praksis betyr dette at moderne vegtunnelar i dag er komplekse tekniske installasjonar som det krev stor automasjonsfagleg kompetanse for å kunne planleggje, prosjektere, bygge, drifte og vedlikehalde på ein måte som sikrar optimal trafikktryggleik og optimal driftsstabilitet.

I dag blir 244 tunnelar styrte og overvåka frå Vegtrafikksentralen. Tal overvåka tunnelar i Region vest vil auke kraftig fram mot 2024, og som ein konsekvens av dette ventar vi ei dobling av dei komponentane vi har installert for å styre og overvåke dei. Dette vil gje mange og store utfordringar for det automasjonsfaglege miljøet vårt framover.

Vi ønskjer difor å knytte til oss ein automasjonsfagleg ressursperson som vil få eit regionalt fagansvar (Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane) for dette fagområdet. Stillinga er lagt til byggherreseksjonen.

Sentrale oppgåver i stillinga:

  • Overordna regionalt automasjonsansvar for heile produksjonskjeden frå sensor til og med styrings- og overvåkingssystem (SCADA)
  • Delta og bidra aktivt i nasjonale og regionale fora for samordning og standardisering
  • Bidra med faglege innspel til arbeidet med å utforme framtidas vegtrafikksentraler i Norge
  • Bistå prosjekta med kvalitetssikring
  • Vere systemeigar for SCADA-system (eller utpeike ein annan til å fylle denne rolla) og vere bindeledd mellom sluttbrukar og systemintegrator
  • Vere systemeigar for regionen sitt automasjonsnett (eller utpeike ein annan til å fylle denne rolla)
  • Vere ein aktiv bidragsytar til at Statens vegvesen framstår som fagleg samla på automasjonsområdet i møte med konsulentar og leverandørar.

Kvalifikasjonskrav:

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, min. 3 år, med relevant linje og fagkombinasjon, t.d automatiseringsteknikk, kybernetikk e.l.
  • Min. 5 års praksis frå tilsvarande oppgåver innan fagområdet og gode kunnskapar om industrielle styre- og kontrollsystem, instrumentering, datanettverk og fiberoptisk kommunikasjon.

For søkjarar med lang og relevant erfaring frå liknande oppgåver i samferdsleprosjekt og med gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi fråvike kravet til høgare utdanning. Det vil vere ein fordel om du har eit eller fleire fagbrev innan automasjons- eller elektrofaga.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Stillinga krev at du har :

  • stort fagleg engasjement
  • evne og vilje til å dele eigen kunnskap med andre i eit tverrrfagleg miljø
  • evne til å sjå individuelle ønskjer og krav opp mot heilheitsløysingar
  • god kommunikasjonsevne skriftleg og munnleg
  • evne til fleksibel og løysingsorientert organisering av eige arbeid
  • god marknads og produktkunnskap frå dette området
  • god gjennomførings- og forhandlingsevne, både internt og mot eksterne samarbeidspartar
  • evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og å ha auge for detaljar
  • førarkort kl. B

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersonar:
Øyvind Haaland
mob: +47 97699580

Søk på stillinga her