Regional fagansvarleg tunnel

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeFlere fylker
StedLeikanger, Bergen eller Stavanger
Søknadsfrist26.09.2016

Statens vegvesen Region vest står framfor store utfordringar dei neste åra, både når det gjeld nyanlegg og oppgradering av eksisterande tunnelar. Verdas lengste undersjøiske tunnel, Rogfast-tunnelen på 27 km og to løp, er berre eit av mange store tunnelprosjekt som vil starte opp dei neste åra.

I tillegg har Statens vegvesen starta eit landsomfattande tunneloppgraderingsprosjekt som vil gje store faglege utfordringar dei neste 8-10 åra, og Region vest har ca. halvparten av alle tunnelane i landet.

Byggherreseksjonen på Veg- og transportavdelinga har eit fagleg samordningsansvar for fagområdet tunnel i Region vest. Vår viktigaste oppgåve er å støtte det operative byggherremiljøet med råd og rettleiing i alle fasar av eit prosjekt (planlegging, prosjektering, bygging, drift og vedlikehald). Vi søkjer no ein dyktig og erfaren medarbeidar til stillinga som regional fagansvarleg for tunnel.

Sentrale arbeidsoppgåver som høyrer til stillinga:

  • Utarbeide tiltaksplanar for det regionale tunneloppgraderingsprosjektet
  • Følge opp regional tiltaksplan for tunnelforvalting
  • Ta initiativ til og vere pådrivar for forbetringsprosessar innafor tunnelfaget
  • Vere ein aktiv samarbeidspart for regional sikkerheitskontrollør for tunnel
  • Vere fagleg rådgjevar for det operative byggherremiljøet og for regionsleiinga på det tunnelfaglege området
  • Saksførebuing til regionleiarmøtet Vere bindeledd mellom Vegdirektoratet og byggherremiljøa på vegavdelingane og Prosjektavdelinga
  • Organisere høyringsprosessar og samordne andre bestillingar frå Vegdirektoratet
  • Kartlegge opplæringsbehov, og ta initiativ til og gjennomføre kurs og fagsamlingar (i samarbeid med HR-avdelinga og leiar for regional byggherrepool)
  • Leie regionalt fagnettverk for tunnel Representere regionen i sentralt tunnelforum

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, min. 3 år,
  • Min. 5 års praksis anten frå tunnelforvalting, prosjektleiing og/eller frå tunnelanleggsdrift

For søkjarar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, og gode personlege føresetnader for stillinga, kan dette kompensere for manglande høgare utdanning.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Stillinga krev at du har:

  • god kjennskap til (veg)utbyggingsprosjekt generelt, og tunnelprosjekt spesielt
  • evne og vilje til å dele eigen kunnskap med andre i eit tverrfagleg miljø
  • evne til å sjå individuelle ønskjer og krav opp mot heilheitsløysingar
  • god kommunikasjonsevne skriftleg og munnleg
  • gode samarbeidsevner evne til fleksibel og løysingsorientert organisering av eige arbeid
  • evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og systematisk, og å ha auge for detaljar
  • førarkort kl. B

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersonar:
Øyvind Haaland
mob: +47 97699580

Søk på stillinga her