Seksjonsleiar Bygg og eigedom

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen, evt. Leikanger
Søknadsfrist11.09.2016

Ved Statens vegvesen Region vest er det ledig stilling som seksjonsleiar for Bygg og eigedomseksjonen.

Seksjonen forvaltar etaten sine bygg og eigedomar i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Av eigedomsporteføljen kan nemnas kontorbygg, trafikkstasjonar, kontrollstasjoner, hytter og vegmuseum. Stillinga ligg under HR- og administrasjonsavdelinga. Kontorstad vil vere Leikanger eller Bergen.

Som seksjonsleiar vil du ha personalansvar for 5 tilsette (pr i dag) på seksjonen og skal leie og utvikle tenesteområdet eigedom, både fagleg og økonomisk. Du inngår i leiargruppa på HR administrasjon og er aktivt med i strategiarbeid og utvikling av avdelinga. Samarbeid og oppfølging av våre kundar, som i hovudsak er leiarar i avdelingane, blir ei vesentleg og viktig del av stillinga.

Kvalifikasjonskrav

  • Høgare utdanning innan byggtekniske fag, minimum 3 år
  • Erfaring med personalleiing, minimum 5 år
  • Stillingane set krav til mobilitet og vi krev førarkort for bil (klasse B)
  • Den som blir tilsett må kunne beherske norsk målføre flytande, skriftleg og munnleg
  • Byggfaglig utdanning og lang relevant erfaring kan kompensera for manglande formell utdanning.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Vi vektlegg

  • Prosjekterfaring frå liknande fagområde
  • God kjennskap til eigedomsforvaltning
  • Kjennskap til FDV system
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Strukturert og nøyaktig
  • Service- og løysningsorientert
  • Høg gjennomføringsevne og til å jobbe sjølvstendig

Det er viktig at du er ein trygg leiar som har evne til å leie dyktige fagfolk på ein tydeleg måte, kan utvikle og inspirere og er ein god rollemodell for medarbeidarane. Du viser handlekraft gjennom fagleg styrke, er samfunnsengasjert og har omstillingsevne i forhold til organisasjon og samfunn.

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspassering
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersonar:
Einride Horstad
mob: +47 91539147

Søk på stillinga her