Firma | Statens vegvesen Region vest |
Fylke | Hordaland |
Sted | Bergen |
Søknadsfrist | 28.08.2016 |
I Statens vegvesen Region vest, Vegseksjon Bergensområdet, er det ledig stilling som kontrollingeniør. Stillinga er knytt til Vegavdeling Hordaland, og inngår i den regionale byggherrepoolen.
Vegseksjon Bergensområdet realiserer store og små investeringsprosjekt, samt drift og vedlikehald av riks- og fylkesvegane i Bergen og kommunane rundt Bergen. Vi er i dag om lag 50 tilsette, og har kontorstad i Bergen sentrum.
Den aktuelle stillinga er knytt til investeringsprosjekt, og arbeidet vil bestå i kontroll av at produktet entreprenøren leverer er i tråd med krava i bestilling. Dokumentasjon av kvalitet på aktuelle prosessar er også ein del av jobben til kontrollingeniøren.
Kvalifikasjonskrav:
- Du bør minimum ha Teknisk fagskule. Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet.
- Stillinga set krav til mobilitet, og vi krev førarkort klasse B. Noko reiseverksemd, samt kvelds- og nattarbeid, må påreknast.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå liknande arbeid og kjennskap til kontraktsarbeid.
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).
Vi vektlegg:
- Ryddig og strukturert skriftleg framstillingsevne
- Evne til å kunne ta initiativ og jobbe sjølvstendig
- Gode samarbeidsevner og tverrfagleg interesse
- At du trivst med lagarbeid og kan skape gode resultat saman med andre
- At du aktivt er med å skape eit triveleg og godt arbeidsmiljø
Vegseksjonen i Bergensområdet står framfor spanande utfordringar i tida framover, og det vil vere mange moglegheiter for den som vert med på laget. Vi har eit godt arbeidsmiljø der vi set pris på arbeidsglede, godt humør og openheit.
Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gjev deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.
Medarbeidarane våre fortel om spanande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.
Vi tilbyr også desse goda:
- introduksjonsprogram og fadderordning
- fleksitid og gode ordningar for avspasering
- pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
- etatsskolar og gode høve for fagleg påfyll
Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.
Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.
Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.
Kontaktpersonar:
Arild Hegrenæs
tlf: +47 55516227
mob: +47 95088756
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Statens vegvesen Region vest, Bergen
- Fylke Hordaland