Prosjektplanleggar/Ingeniør - Kystverket Nordland

Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ein bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Samferdselsdepartementet.

FirmaKystverket
FylkeNordland
StedKabelvåg
Søknadsfrist14.08.2016

Medarbeidaren skal i nært samarbeid med regiondirektør og kollegaer arbeide med planlegging og prosjektering av utbyggingstiltak for fiskerihamner og farleier. Viktige utfordringar vil være taktisk planarbeid, prosjektering av skisse og forprosjekt og oppbygging av planreservar for seinare, samt prosjektering og gjennomføring av vedlikehaldsprosjekt.

Arbeidsoppgåver

  • Følgje opp målsettingane for Kystverket si verksemd innafor fagområdet
  • Oppbygging av planreservar innafor fagområdet
  • Veilede brukerar innafor fagområdet
  • Prosjektstyring
  • Prosjektoppfølging
  • Budsjettoppfølging
  • Utstrakt samarbeid med kollegaer i andre regionar
  • Utstrakt samarbeid med kollegaer i Senter for Utbygging i Kabelvåg
  • Andre arbeidsoppgåver kan bli pålagde

Kvalifikasjonar

  • Høgskule- eller universitetsutdanning innan eit eller fleire av følgjande fagområde: Ingeniørfag, planlegging
  • Røynsle frå planarbeid og prosjektering, inklusive økonomisk oppfølging
  • Røynsle frå arealplanlegging, entreprisearbeid og offentleg forvaltning er ønskeleg

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Sjølvstendig med evne til å ta initiativ
  • Gode evner til kontaktskaping
  • Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
  • Fleksibilitet
  • Det er nødvendig med førerkort for bil.Stillinga inneber noko reiseverksemd

Vi tilbyr

  • Utfordrande, interessante og varierte arbeidsoppgåver
  • Eit kollegialt og utviklande fagmiljø
  • Gode velferdsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Kystverket er ei IA-bedrift
  • Gode muligheiter for etter- og vidareutdanning
  • Pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Stillinga er plassert i st.kode 1085/1087/1181 som avd.ingeniør/ overingeniør/ senioringeniør etter statens lønnsregulativ
  • Den statlege arbeidsstyrken skal spegle mangfaldet i folket. Derfor vil vi ha mest mogleg likevekt mellom kvinner og menn og mellom eldre og yngre. Vi ønskjer og å rekruttere personar med funksjonshemming eller innvandrarbakgrunn.

Vis flere stillinger: