Prosjektleiar Odd Erik Haugen, ordførar Vidar Eltun, prosjektleiar i Strabag AG Wolfgang Mysliwietz, regionvegsjef i Statens vegvesen Region øst Per Morten Lund, avdelingsdirektør i Statens vegvesen Region vest Kjartan Hove og byggjeleiar Stein Henry Øvstetun. (Foto: Statens vegvesen)

Markerte oppstart på E16 Øye-Eidsbru på Filefjell

Tysdag ettermiddag vart første spadestikk markert på Øye-Eidsbru, den austlegaste kontrakta på E16 Filefjell.

- Det er ein stor dag for Strabag. Dette er vår første kontrakt med Statens vegvesen og vårt første prosjekt der me står heilt aleine i Norge, sa prosjektleiar Wolfgang Mysliwietz i Strabag AG.

Frå før av er selskapet med 75.000 tilsette på verdsbasis i gang med å bygge nye Ulrikentunnelen i Bergen, saman med Skanska. No ser dei fram til å kome godt i gang med sitt nye prosjekt på E16 Filefjell, og målet er å kome godt i gang med tunneldrivinga på den 2,1 km lang Rødølstunnelen før kulda set inn i Valdres.

Nøgd ordførar

- Å få ein utbertra E16 frå Sandvika til Bergen er særs viktig. Bagn-Bjørgo startar opp seinare i haust, og i dag markerer me oppstart her i Øye. Det er ein stor dag både for kommunen, og for meg som innbyggjar i Øye, sa ordførar Vidar Eltun i Vang.

Også Regionvegsjef Per Morten Lund i Statens vegvesen Region øst var med på markeringa.

- Strabag blir eit nytt bekjentskap for oss i Statens vegvesen. Det er interessant med nye aktørar i anleggsmarkednaden, så velkomen skal de vere, sa regionvegsjefen.

Pris og kvalitet

Lund presiserte at Vegvesenet er oppteken av at prosjektet skal bli ferdig til avtalt tid, hausten 2018. Men også at entreprenør leverer rett kvalitet til avtalt pris.

- Men aller viktigast er det at me lykkast med helse, miljø og sikkerheit. Målet er å unngå ulykker og at alle som jobbar med prosjektet skal komme heile heim, sa Lund.

Spadestikket vart gjennomført der den nye E16-traséen tek av frå eksisterande veg, rundt ein halv kilometer aust for tettstaden Øye. Derifra skal vegen gå oppover i lia og inn i tunnel som munner ut oppe på Eidsbru. Frå tunnelen og vestover skal det byggjast ein 210 meter lang bru over elva som er ein del av Begnavassdraget i austenden av Strøndafjorden.

Kombinert med folkemøte

Etter spadestikket vart det arrangert ope folkemøte på Øye skule, og der fekk bebuarane i området informasjon om prosjektet og høve til å prate med representantar frå Statens vegvesen og entreprenør.

Spørsmål som kom opp var mellom anna forventa støv- og støyplager, kultuminne som bør takast vare på i byggeprosessen og erstatning for matjord som blir teken av prosjektet.

Utgraving av riggplass og område ved kommande tunnelforskjering oppe ved Eidsbru er i gang. (Foto: Statens vegvesen)