Innerst i Endalausdalen i Os er dei komne kring 200 meter inn i båe tunneløpa frå sør. (Foto: Geir Brekke/Statens vegvesen)

E39 tek form i marka

Konturane av E39 Svegatjørn–Rådal blir meir og meir tydelege gjennom Endalausmarka. Bruer og tunnelar er under bygging.

Entreprenørar  og byggherre kan ta ferie etter å ha sett klare spor etter det som skal bli den nye motorvegen mellom Bergen og Os. I løpet av ni månader har delar av Endalausmarka i Os endra preg. 

- Det som dels var uframkomeleg villmark er blitt omskapt til eit oversiktleg anleggsområde, der både tunnelar og bruer er under bygging, melder vegvesen.no.

Skogrydding, graving, sprenging, masseflytting og brustøyping har pågått sidan byggestart i oktober 2015. Aktiviteten er høg på mange byggeplassar. Arbeidet i marka pågår stort sett uhindra av sivil trafikk. Her er det store dumparar, gravemaskiner og mannskapsbilar som pregar trafikkbiletet. Det pågår arbeid på ny fylkesveg gjennom marka, inkludert to bruer. Ein ser også retninga på E39 som kryssar gjennom dagsona mellom to tunnelar i Endalausmarka.
Den 9,2 km lange Lyshorntunnelen er også under driving frå sør, i Endalausdalen. Ein har ved inngangen til ferien kome kring 200 meter inn i båe tunnelløpa her. Den 1,5 km lange Skogafjellstunnelem mellom Svegajtørn og Endalausmarka er så langt sprengt frå sør, ved Svegatjørn. Til hausten er det og planen å drive denne tunnelen frå nord. Arbeidet med å fylla opp massar inn mot tunnelpåhogget pågår frå Endalausmarka.