Kontrollingeniør

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist14.08.2016

Vil du ta del i bygginga av eit av Norges største vegprosjekt?

Statens vegvesen søkjer kontrollingeniør til bygging av eit av Norges største vegprosjekt, Rv.13 Ryfast og E39 Eiganestunnelen.

Statens vegvesen treng fleire gode medarbeidarar for utbygging av Ryfast og Eiganestunnelen. Prosjektet er under utbygging og omfattar Ryfylketunnelen, Hundvågtunnelen og Eiganestunnelen med tilhørande daganlegg.

I denne omgang søkjer vi etter:

Kontrollingeniør vegbygging for daganlegg Eiganestunnelen

E39 Eiganestunnelen inneber 3,7 kilometer lang ny tunnel frå Motorveien til nordre utløp av Byhaugtunnelen og ny veg frå Byhaugtunnelen og Eiganestunnelen til Smiene.

Oppfølging av vegbygging, konstruksjoner og omlegginger mhp framdrift, kvalitet og HMS på daganlegg for E39 på Tasta nord for Eiganestunnelen

Prosjektet er lokalisert i prosjektkontor på Våland i Stavanger med ein byggherreorganisasjon på om lag 50 medarbeidarar.

Kvalifikasjonar:

Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum tre år. Omfattande og relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning.

Du må ha erfaring i oppfølging av vegoppbygging, tilleggjande konstruksjonar og omleggingar. Det blir lagt vekt på at den som vert tilsett er initiativrik, har gode kommunikasjonsevner, er ryddig og strukturert samt har gode evner for samarbeid. Det er elles viktig med generelle datakunnskapar sidan våre interne system er elektroniske og i hovudsak basert på internett/web-hotel.

Løn:

Stillinga vert løna etter avtale og avhengig av kvalifikasjonar og i høve til etatens lønspolitikk. Det blir trekt 2 prosent til pensjonsordninga i Statens pensjonskasse. Statens vegvesen skal vere prega av mangfald og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, må den vere godkjend av NOKUT (www.nokut.no)

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Prosjektet er planlagt ferdigstilt i 2019.

Stillinga er fast i Statens vegvesen, og ved prosjektslutt vert personell overført til andre relevante oppgåver i byggherrepoolen i regionen.

For meir info om prosjektet: http://www.vegvesen.no/Vegprosjekter/e39eiganestunnelen http://www.vegvesen.no/Vegprosjekter/ryfast

Kontaktpersonar:

Dag J. Daland
tlf: +47 51911444
mob: +47 90979789

Gunnar Eiterjord
mob: +47 91877089

Søk på stillinga her

Vis flere stillinger: