Kontrollingeniør elektro i Sogn

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeSogn og Fjordane
StedLeikanger
Søknadsfrist21.08.2016

I Statens vegvesen Region vest er det ledig stilling som kontrollingeniør elektro i Sogn. Vi søker ein person som er løysningsorientert og har erfaring med oppfølging av elektroarbeid. Stillinga er f.t knytt til vegseksjon Sogn og inngår i byggherrepoolen i regionen. Kontorstad blir på Leikanger. Vegseksjonen har ansvar for fleire drift - og investeringsprosjekt i Sogn.

Aktuelle arbeidsoppgåver vil vere:

  • ta del i prosjektering
  • rapportera og følgje opp kvalitet og framdrift
  • følgje opp entreprenøren sitt kontraktarbeid
  • avslutte og dokumentere gjennomførte tiltak

Kvalifikasjonskrav:

Det vert kravd minimum 2-års utdanning frå fagskule eller høgskule med kompetanse innan elektro/automasjon eller fagbrev innan elektro- eller automasjonsfaget. Søkjarar må ha førarkort for bil (klasse B).

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Vi legg vekt på:

  • erfaring frå oppfølging av elektroarbeid
  • erfaring med installasjon og drift av samferdselsanlegg er ønskelig
  • kunnskap om regelverk og forskrifter innan relevante fagfelt
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • at du er sjølvstendig, målretta og jobbar strukturert
  • gode samarbeidsevner og at du er aktivt med på å skape eit triveleg arbeidsmiljø
  • fleksibilitet til arbeidsoppgåver

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Dersom du synest dette høyrest spanande ut, søkjer du stillinga via vår jobbportal www.vegvesen.no/jobb

Kontaktpersonar:
Eivind Yttri
tlf: +47 57655799
mob: +47 90830854