Styreleiar Harald Kvame (t.v.) og regionsjef Paul Olaf Baraas. Foto: MEF

Millionløyving til nytt høgskulestudium i Førde

MEF løyver 1,2 millionar kroner til det nye høgskulestudiet i bygg- og anlegg i Førde.

Midlane skal brukast til å finansiere valfag innan infrastruktur på den nye ingeniørlinja ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF).

- Eg er veldig glad og stolt over at MEF sa ja til å bidra med økonomisk støtte til finansieringa av valfaga på den nye linja ved HiSF, seier Harald Kvame, styreleiar for MEF i Sogn og Fjordane til mef.no.

1,2 millionar kroner frå MEF fordelt på fire år betyr at det nye høgskuletilbodet i Førde er fullfinansiert. Lokale bedrifter, Sparebanken Sogn og Fjordane, EBA, Statens vegvesen, MEF og Høgskulane i Bergen og Sogn og Fjordane har saman jobba for å få på plass den nye ingeniørlinja, og ikkje minst skaffe finansiering til dei første kulla.