Vikariat som ytre miljøansvarleg

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist14.08.2016

Frå september d.å. er det ledig eit vikariat på ca. eit år som ansvarleg for ytre miljø på utbyggingsprosjekt som blant anna prosjektet rv. 13 Ryfast / E39 Eiganestunnelen.

Arbeidsoppgåver:

  • Faglig ansvar for å bidra til at prosjektet gjennomførast på ein miljøfaglig forsvarlig måte
  • Generell miljøfaglig bistand til prosjektleiinga og byggeleierar
  • Oppfølging av utslipps- og utfyllingstillatelser
  • Oppfølging av andre type miljøfaglige forhold blant anna prøvetaking
  • Kontroll- og tilsynsfunksjon T
  • Oppfølging mot og rapportering til sektoretatar og direktorat
  • Bistand til utbyggingsprosjekt som er under reguleringsplanlegging

Kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning som naturvitar ev anna relevant utdanning og helst praksis frå tilsvarande oppgåver
  • Kjennskap til relevant lovverk blant anna Plan- og bygningsloven og Forureiningsloven med tilhørande forskrifter
  • Gode skriftlig og munnleg kommunikasjonsevne
  • Gode samarbeidseigenskaper

For søkjarar som har lang og relevant erfaring innan fagområde, og som har gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Søkjaren må ha førarkort for personbil. Nyutdanna kan også søkje vikariatet.

Vi ønskjer at du er initiativrik, engasjert og resultatorientert og vil vera med å bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, krev vi at den er godkjend av NOKUT ( www.nokut.no).

Vi tilbyr:
Utfordrande, varierande og sjølvstendige arbeidsoppgåver med moglegheit for fagleg utvikling, fleksibel arbeidstid, gode og engasjerte kollegar og godt arbeidsmiljø.

Ein god og mangfaldig arbeidsplass:
Statens vegvesen er ein arbeidsgjevar som er oppteken av tydlege og trygge rammer for våre medarbeidarar. Vi har eit regelverk som sikrar medarbeidarane sine rettar, og sjølv om det til tider er hektisk hos oss og arbeidsmengda kan vere stor, legg vi vekt på at ein har høve til fleksibel arbeidstid. Vi ønskjer at du skal kunne kombinere jobb og fritid på ein god måte.

Statens vegvesen er oppteken av mangfald, og vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, til å søke jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal, geografisk eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om det er behov for det.

Det vert gjort merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentlege sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjar varslast om dette.

Lønsvilkår:
Vi tilbyr løn etter nærare avtale i høve til etaten sin lønspolitikk. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.

For nærare opplysningar:
Ta kontakt med seksjonsleiar Franka Häussler, mobilnr 90518298.

Er du interessert i stillinga ber vi deg sende søknad via vår jobbportal www.vegvesen.no/jobb

Vis flere stillinger: