Tre firma vil planlegge Bussveien på Nord-Jæren

Statens vegvesen startar nå planlegging av to strekningar av Bussveien, Kvadrat-Ruten og Hillevåg-Stavanger sentrum-Sundekrossen.

Tilbod på å lage reguleringsplanar har allereie vore ute. Statens vegvesen har fått inn tre tilbod på den eine kontrakten, to på den andre.

Kvadrat-Ruten:

I Sandnes kjem det bussvei mellom kjøpesenteret Kvadrat på Lura, og Ruten i sentrum. Bystyret i Sandnes avgjer først til hausten nøyaktig kva gater Bussveien skal gå i, melder vegvesen.no.

Tilbod:
Asplan Viak AS: 10 972 475 kroner
Multiconsult ASA: 14 922 750 kroner
Sweco Norge AS: 18 284 898 kroner

– Vi er godt nøgde med at det er fleire som vil ha kontraktane. Akkurat nå går vi gjennom tilboda og ser om dei oppfyller krava, fortel Matthew Millington, prosjektkoordinator for Bussveien i Statens vegvesen.

Hillevåg-Stavanger sentrum-Sundekrossen:

Bussveien startar i Haugåsveien på fylkesveg 44, og går innom Stavanger sentrum, og vidare på riksveg 509 til Sundekrossen.

– Planlegginga av denne strekninga blir delt i to, mellom Mosvatnet-Stavanger sentrum-Hillevåg og Sundekrossen-Mosvatnet. Noko arbeid blir felles og det er difor ein forutsetnad at same firma får tilbodet, sjølv om det er to strekningar, forklarer Andreas Sagen, prosjektkoordinator for Bussveien i Statens vegvesen.

Tilbod:
Multiconsult ASA:
Delstrekning 1: 13 482 500 kroner
Delstrekning 2: 12 212 350 kroner

Asplan Viak AS:
Delstrekning 1: 12 446 540 kroner
Delstrekning 2: 12 297 490 kroner

Statens vegvesen har innstilt Multiconsult til denne kontrakten. Klagefristen er imidlertid ikkje ute, så kontrakten er ikkje signert.