Prosjektleiar i Sogndal

Me sel og byggjer bustadar i heile Sogn og deler  av Sunnfjord. Me er medlem og medeigar av Nordbohuskjeda, som er ein av landets største bustadprodusentar. Nordbohus Sogn har eigen elementfabrikk. Me er for tida 17 tilsette og omset for ca. 60 millionar.

FirmaNordbohus Sogn
FylkeSogn og Fjordane
StedSogndal
Søknadsfrist15.07.2016

Grunna auka aktivitet søker me prosjektleiar i Sogndal

Me søker etter ingeniør/teknikkar med erfaring frå reguleringsarbeid/ tomteutvikling. Personar med anna relevant teknisk utdanning og praksis kan også søkje.
Du må vere resultatorientert og ha gode evner til å samarbeide. Du må vere fortruleg med bruk av PC samt gjere seg nytte av aktuell programvare for dette fagfeltet. Arbeidsoppgåvene er svært varierte og interessante, og mykje av resultatet avheng av evne til god personleg kontakt med kundar, kollegaer, underentreprenørar, offentlege myndigheiter o. a.

ANSVARSOMRÅDE

• Regulere tomtefelt for kundar og i eigenregi
• Tomteutvikling
• Teknisk-, framdrifts-, og økonomisk oppfølging av prosjekta
• Kontrahere underentreprenørar
• Byggesakshandsaming

ME TILBYR

• Hektisk kvardag i godt arbeidsmiljø
• Varierte arbeidsoppgåver
• Lønn etter avtale
• Sjølvstendig arbeidsdag
Den rette personen vil i stor grad organisera eigne arbeidsoppgåver og arbeida sjølvstendig.

SPØRSMÅL OM STILLINGA KAN RETTAST TIL

Heidi Helle på tlf 918 23 411 eller Dag Loftesnes på tlf 977 72 780

Kortfatta søknad med CV kan sendast pr epost til:
dag.loftesnes@nordbohus.no

Nordbohus Sogn AS  • Postboks 25 • 6849 Kaupanger

Vis flere stillinger: