Frå luftleidning til kabel mellom Breivik og Litlesotra

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gjeve BKK Nett løyve til å leggje om eksisterande kraftleidningar mellom Breivik og Litlesotra transformatorstasjonar for å frigjere plass til ny riksveg 555 mellom Sotra og Bergen

Omlegginga inneber å leggje dobbeltkurs kraftleidningen 300 kV Fana– Litlesotra og 132 kV Breivik–Litlesotra som jord og sjøkabel mellom Breivik og Litlesotra transformatorstasjonar, melder NVE. Kablane vil leggjast i tunnelar, i bru, på sjøbotn og i grøft over ein strekning på om lag 4,1 km. Omlegginga av kraftleidningen vil inngå som ein del av kostnadane ved vegprosjektet. Tiltaka ligg i kommunane Fjell og Bergen i Hordaland.

NVE meiner det ferdige kabelanlegget ikkje vil gje særskilde ulemper, men at anleggsarbeidet vil kunne føre til støy, skakingar grunna sprenging, og auka trafikk. NVE har satt krav om at BKK Nett må lage ein miljø-, transport- og anleggsplan som blant anna skal beskrive gjennomføringa av anleggsarbeidet og trafikktryggleik.