Støyvoll som er bygt opp med isopor, og pålagt jord og seinare vegetasjon. (Foto: Geir Brekke/Statens vegvesen)

Isopor som fyllmasse i Bergen

Vegvesenet bruker isopor som vegfylling og støyvoll langs rv.580 Flyplassvegen i Bergen. Grunntilhøva krev lette masser.

Det er i samband med bygging av ny gang- og sykkelveg på sørsida av Flyplassvegen at ein kjem bort i svakere grunntilhøve i nordenden av Skeievatn. Dei dårlege grunntilhøva fører til at vanlege steinfyllingar ikkje kan nyttast. Då blir vekta av fyllingane for stor, og på sikt kan dette gi mindre stabilitet på vegen, melder vegvesen.no.

Dette er ein del av vegprosjektet E39 Svegatjørn-Rådal, der ein elles har rikeleg med overskotsmasser frå tunneldriving, som blir levert til deponi.

Det er tilsaman 1.800 kubikk med isoporplater som blir brukt på anlegget. 400 kubikk går til masse på selve gang- og sykkelvegen nærast Skeievatn, medan 1.400 kubikk går til støyvoll for boliger på Vestre Rå, sør for Flyplassvegen.

Dette er einaste byggeplassen på E39 Svegatjørn-Rådal der det blir nytta isopor. I Hordaland elles er det heller ikkje vanleg med bruk av dette materialet i vegfylling. Det er nytta i større grad i andre delar av landet, der det er meir vanleg med dårlege grunntilhøve.