Seksjonsleiar for plan- og forvaltningsseksjonen

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region nord
FylkeSogn og Fjordane
StedLeikanger
Søknadsfrist14.08.2016

I vegavdeling Sogn og Fjordane har vi ledig stilling som leiar for plan- og forvaltningsseksjonen med kontorstad på Leikanger. Seksjonen har 22 medarbeidarar fordelt mellom Førde og Leikanger.

Arbeidsoppgåver

Seksjonen arbeider med forvaltningssaker (m.a. skiltmynde, fartsgrenser, godkjenningar, spesialtransport, arbeidsvarsling) og plansaker på riks- og fylkesvegar i Sogn og Fjordane.

Di primære rolle vil vere fagleg leiing av seksjonen sine tilsette på Leikanger, samt at du vil arbeide med plansaker. Seksjonsleiaren rapporterer til avdelingsdirektøren for vegavdeling Sogn og Fjordane.

Dersom det vert intern tilsetjing som seksjonsleiar, vil det bli ledig anna stilling med tilsvarande kvalifikasjonar på seksjonen.

Dette ønskjer vi oss

Vi ser etter trygge leiarar som har evna til å leie dyktige fagfolk på ein tydeleg måte. Vi ønskjer at du skal finne balansen mellom operativt og strategisk arbeid, mellom fag og forvaltning og mellom arbeid og fritid både for medarbeidarane dine og deg sjølv.

Som leiar av seksjonen er det viktig at du

  • har gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
  • samhandlar godt både internt og eksternt

Alle leiarane i Statens vegvesen må ta ansvar for å utvikle medarbeidarane sine og seg sjølve, og vere bevisste på at dei er rollemodellar og kulturskaparar.

Kvalifikasjonskrav

Du har minimum tre års utdanning frå universitet eller høgskule innan veg-, arealplanlegging eller anna relevant utdanning. Dersom du har sterk og allsidig praksis, og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet.

Stillinga krev førarkort klasse B.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • eigne leiarutviklingsprogram
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og gode høve for fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersonar:
Svenn Finden
mob: +47 95148614

Søk på stillinga her